27 oktober 2006

Hockeypulver...

Hockeypulver er tingen, folkens! I tilfelle nokon skulle lure...tidenes beste snop, smakar fantastisk enten du får det i nasen eller munnen. Prøv ei halv boks i slengen, noko du seint kjem til å gløyme :)

Ei god stund sidan sist oppdatering her no. Siste veka har besøkt barnekor og Yngres på Vigra, vore på Kjellartreff på Giske og minileir på Orreneset. Tysdag klipte eg meg og vart invitert på middagsbesøk til sjefen og familien. Onsdag hadde eg besøk av alle tre besteforeldra mine og enda opp med meir mat etterpå enn før dei kom. Og komande helg skal eg på haustleir på Brusdalsheimen.

Mykje å gjere, mykje moro, livet er bra og mat er kjekt å ha! Følg med for meir sladder om ikkje altfor lenge, nyt desse "ristebilda" frå Giske enn så lenge:

17 oktober 2006

Min supermoderne pappa

12. oktober 2006 blei min far, Oddbjørn Støbakk, 56 år. Og fekk i gåve det han ønskte seg mest av alt - ein MP3-spelar med radio!

Og det verste av alt - pappa klarer til og med å bruke MP3-spelaren. Og snart klarer han forhåpentlegvis å laste ned talar og møteopptak frå nettet også. Stolt av deg, Obben :)

Eldretreff rocks!

Sist torsdag var eg på eldretreff i Brattvågen saman med AG og Kjetil. AG heldt andakt med tittelen "Hva fyller du hjertet ditt med?", Kjetil viste ein infofilm om Ung Misjon og hadde ein quiz.

Og eg? Eg storkoste meg saman med dei lokale beibsa, berre sjå bildet!


Gudrun og Kjetil kosar seg med kaffi og kaker.


AG i aksjon. Sjå, ho står still!


Dokka Lotta er mest populær av Ung Misjon-arbeidarane.


Sjefen er like fotogen som alltid...

09 oktober 2006

Siste kveld med gutta

Nei, ikkje for meg, men for Kay Amund og Per Oddvin - som tysdag reiser til Uganda i eit halvt år...

Søndag kveld var det bibelgruppe i "fiskarheimen" til Trond-Vegard. Etter kvart blei vi ti karar som prata om det meste, bladde litt i Bibelen og runda av med forbønn for kvarandre.

Vanlegvis er vi tre-fire-fem på bibelgruppe, men med Hald-gutta, sjøfolk og Oslo-studentar på ferie blei vi ein god gjeng - og fekk ein herleg kveld med god stemning, dårleg humor og oppbyggjande Jesus-prat.

Måndag fekk eg vere med på Kay Amund sin aller siste Grandiosa før han reiser til Afrika. Eit stort øyeblikk, eg hadde aldri klart meg utan Stabburet sin nynorske nasjonalrett så lenge...

God tur, gutar! Lenge leve blogging, reknar med flittig oppdatering frå Kampala :)

07 oktober 2006

Kano og slikt

Livet på leir er fantastisk!

Laurdag var vi på kanotur, spelte fotball, åt graut, koste oss stort og slutta av dagen med ei herleg bønnevandring.

Og det beste av alt - Kjetil har ikkje fått oppdatert bloggen sin i helga og er misunneleg fordi eg kjem på nett med den fantastiske mobiltelefonen min! hehe ;)

Søndag skal vi reise heim, men oppturen kan forhåpentlegvis fortsette med Godset-AaFK på TV2 og bibelgruppe/søsekveld med Trond Vegard utover natta...

Vegar (øverst), Bjørn Erik og Elling ser også ut til å nyte livet. Lenge leve Orreneset!


Kult!

Kult - med GPRS på mobilen og internett på datamaskina uansett kor eg skulle befinne meg i verda.

Kult - med Netcom sitt tilbud på datatilkobling.

Kult - med Elling sine pilotbrille.

Kult - med leir på Orreneset.

Kult - å blogge frå Orreneset.

:D

06 oktober 2006

Luftgevær!

Torsdag besøkte eg ungdomsklubben på Follestaddal bedehus i Ørsta. Ein fin gjeng med mange aktivitetar: data, pilkast, bordtennis, biljard, godteri-bingo, kurong (verdas beste spel!) og - ikkje minst - luftgeværskyting!

I eit langt og polstra rom er det laga til skytebane. Eit fantastisk påfunn som alle bedehus i heile verda bør herme etter! Sjølv om eg aldri har vore god å skyte (nest dårlegst av 50 mann i troppa då eg var i militæret), koste eg meg stort og klarte heile 27 poeng på fem skot.

Snart to månader i jobben no, det blir berre betre og betre. Luftgeværskyting i arbeidstida...fantastisk! Forhåpentlegvis blir det artig også på Tentreff på Orreneset i helga :)

04 oktober 2006

Pus is no more

Då er det gjort. "Silkesvarten", den 16 år gamle katten til foreldra mine, er død. Han unngjekk råkøyrande bilar i alle år, men ikkje eingong Pus klarte å unngå å bli sjuk. Så til slutt måtte vi berre overlate han til dyrlegen...

Rart at det går an å bli så glad i eit dyr. Eit dyr som plutseleg ein dag berre dukka opp utanfor huset vårt ein sommardag i 1991. Som søstra mi trilla i dokkevogna si då ho var mindre og som kom og møtte meg på veg heim frå skulen i alle år. Verdas snillaste og mest kosete katt - sjølv om han ser litt småsleip ut på det eine bildet eg tok for ei veke sidan.

No er Pus borte. Kanskje får eg sjå han igjen ein vakker dag, kanskje ikkje. Akkurat det er det litt delte meiningar om. Men det vil i alle fall ikkje kome nokon svart katt hoppande oppover trappa neste gong eg skal besøke foreldra mine.

På ein slik dag er det viktig å glede seg over dei små tinga her i livet. Som at Sturla har fått seg dame, at Christopher har lært Margrethe å pusse tennene og at både Godøy og Tottenham vann i helga. Og at eg skal på leir på Orreneset i helga.

Men Pus er ikkje der når eg kjem heim på søndag...

Å-å-åheim


Fredag var eg på Åheim for andre gong i mitt liv. Første gongen var då eg debuterte på A-laget til Godøy i 1998 og fekk mine første fem av i alt åtte minutt i 5. divisjon Sunnmøre...

Denne gongen var det "Ope hus", eit ungdomsarrangement på Misjonshuset. 22-23 ungdommar, for det meste i ungdomsskulealder, var samla frå 20 til 24 for å ha det sosialt, ete mat og høre om Jesus.

Eg fekk bank i bordtennis, knuste all motstand på dansematta og heldt andakt med utgangspunkt i "Pimp My Ride". Sjølv om det er eitt av favorittprogramma mine, syns eg at det blir litt for mykje fokus på det ytre og korleis ting og tang ser ut - utan at nokon bryr seg om det indre. Ein bil fungerar ikkje utan motor, eit menneske kan ikkje få evig liv anna enn gjennom å tru på Jesus...

Uansett, eg hadde ein veldig kjekk kveld (sjølv om eg måtte stå 1 1/2 time i ferjekø på Sulesund fordi eine ferja var ute av drift) og koste meg stort. Spesielt takk til familien Thue, som eg fekk overnatte med :)