25 september 2006

Pit-Stop


I helga har eg vore på Pit-Stop i Bergen, eit kjempearrangement som kan anbefalast på det varmaste til seinare år. Spesielt sidan det mest sannsynlig vil bli arrangert Pit-Stop også på Sunnmøre neste år!

Fredag og laurdag var det kveldsmøte med fullt trøkk, god undervisning og stappfullt hus. Laurdag var det i tillegg bibeltime og forskjellige "verkstad", eller seminar om du vil. Mykje interessant, veldig givande og ikkje minst inspirerande - sjå berre kor interessert Audun (t.h.) er!

Mange gode idear, sa du? Det skal i alle fall bli ein del nye songar på ungdomskveldane på Godøya utover hausten :D

Elles har eg brukt langhelga i Bergen til å vere ganske så sosial. Og eg har lært pittelitt om å byggje tak og leggje golv på eit kjøkken. Slettes ikje verst...


Og sjølvsagt - ingen tur til Bergen utan - rullekebab og dei fantastiske gode burgerane på Esso Loddefjord. Mmm...
Modellar: Gifte Sigbjørn og single Lidvar.

20 september 2006

I'm back!


På grunn av ekstremt ustabil internett i Casa Leitebakk har bloggen min støva ned i det siste, men forhåpentlegvis blir det ei god stund til neste pause for mine ekstremt mange og lidenskapeleg interesserte lesarar i alle aldrar.

Sidan sist har eg vore på ungdomskveld i Søvika (sjå bilda av spreke Playstation-spelarar og blide pizza-steikarar), der ein triveleg guttegjeng var samla på fredagskvelden.

Utanom leiarane er det to år sidan sist ei jente var på ungdomskveld i Søvika, så om du er jente og les dette - du veit kvar du skal ta turen...

Dessutan har eg vore på loppemarked, YA på Valderøya og bryllup på Giske. Og gått tur på det fantastiske Godøyfjellet!

Helga som kjem skal eg til Bergen på Pit-Stop, i tillegg skal eg ha eit par dagar fri for å besøke kjentfolk i den solfylte og tørre småbyen midt på Vestlandet.

Elles er alt berre bra, sola skin, katten lever enno og Godøy herjar vilt i 4. divisjon :D

06 september 2006

Orrenesleikane

I helga var eg på leir for 5.-7. klasse på Orreneset. 26 deltakarar, fem leiarar og to kjempeflinke folk på kjøkkenet gjorde Orrenesleikane 2006 til ei fantastisk helg!

På dagtid laurdag og søndag var vi utandørs og konkurrerte i forskjellige aktivitetar. For eksempel bogeskyting, som Eirin her demonstrerer.

På føremiddagen var det bibeltime, på kvelden sosiale samlingar før dagen vart runda av med andakt og song. Laurdag kveld kom leirdeltakarane med det eine innslaget etter det andre i ein ein variert og underhaldande leirkveld.

Anders og nokre andre konkurrerte til og med om kven som klarte å ha flest klesklyper i fjeset...

Neste gong det er leir på Orreneset håper vi på endå fleire deltakarar. Ta dej en tur da, vel!






Også fotballkjendisar reiser på leir.


Turneringsgeneralen reknar ut sluttpoenga.

01 september 2006

Sprek skulelagssamling

Onsdag kveld var eg på Møre Ungdomsskule Herøy, der det var skulelagssamling. På grunn av kræsj med forskjellige fritidsaktivitetar var det ikkje så mange der, men vi hadde det likevel veldig kjekt i lag.

Samlinga begynte med ein møtedel med song, andakt og ein liten filmsnutt om Ung Misjon. Så var det litt forskjellige leikar, blant anna laga vi "pyramidar" ved hjelp av teip og A4-ark. Resultata blei ganske så forskjellige, kan vi trygt seie...


Dei ansatte med eit moderne og stilreint byggverk.

Jentene kom aldri opp i høgda...

Gutane bygde ustøtt, men høgt.


Etter kvart blei det pølser og brus før vi runda av med basketball på skuleplassen. Laget mitt kom på ein fin andreplass etter ein jamn og spennande kamp. Takk for ein fin kveld, folkens! Mitt første - men absolutt ikkje siste - besøk til skulen :)

No til helga skal eg på min første leir. Orrenesleikane, for 5.-7. klasse. Vermeldingane er positive, dette kan bli ei kjempehelg!