25 september 2006

Pit-Stop


I helga har eg vore på Pit-Stop i Bergen, eit kjempearrangement som kan anbefalast på det varmaste til seinare år. Spesielt sidan det mest sannsynlig vil bli arrangert Pit-Stop også på Sunnmøre neste år!

Fredag og laurdag var det kveldsmøte med fullt trøkk, god undervisning og stappfullt hus. Laurdag var det i tillegg bibeltime og forskjellige "verkstad", eller seminar om du vil. Mykje interessant, veldig givande og ikkje minst inspirerande - sjå berre kor interessert Audun (t.h.) er!

Mange gode idear, sa du? Det skal i alle fall bli ein del nye songar på ungdomskveldane på Godøya utover hausten :D

Elles har eg brukt langhelga i Bergen til å vere ganske så sosial. Og eg har lært pittelitt om å byggje tak og leggje golv på eit kjøkken. Slettes ikje verst...


Og sjølvsagt - ingen tur til Bergen utan - rullekebab og dei fantastiske gode burgerane på Esso Loddefjord. Mmm...
Modellar: Gifte Sigbjørn og single Lidvar.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Ja, ingenting slære cheeseburgerane i Loddefjord!

Åshild sa...

å kor eg savne den burgeren i Loddefjord! d va tider d...

Sildesotten sa...

Visste kje du va i Bergen ein gong......men så va eg dar vel egentlig ikkje den helgå heller då.... :)
kansje veiane kryssas ein ann gong?

Nils-Ove Støbakk sa...

14.-20. desember skal ej på arbeidermøte på Bildøy - med bil! Med andre ord Loddefjord-burger kvar kveld! mmm...

*gle sej*

;)