23 juni 2012

God stemning :)

Sist helg var det storselskap for Godøy-besta, som fyller 80 år omtrent på denne tida! Ei sprek dame med 6 barn, 19 barnebarn og 12 oldebarn. Jubilanten vart feira på Myrtun saman med 80-90 slektningar og vennar. God mat og god stemning...

...og eg fekk til og med besøk frå Jæren/Bergen. Ragnhild tok seg ein tur etter vel overstått eksamen (60 prosent jurist, ikkje verst!) for å feire besta og henge litt med meg. Vi tok oss også ein tur til Volda, Flø og Moa. Mellom anna. Meir fyldig rapport og flotte bilde finn du på denne fantastiske bloggen.

Neste steg på programmet er flytting og vasking. Frå Annekset til Breistølen. 1. juli reiser eg og flyttelasset til Bergen saman med eit lovsangsteam, så køyrer eg og teamet videre til Lyngdal neste dag - utan flyttelasset. Eg skal visst vere på bibelcampen to veker denne sommaren, først som lovsangsleiar og så som ungdomsleiar siste veka i juli. I mellomtida skal eg feriere på Godøya og redigere litt lyd frå den fantastiske sommarkonserten til Godøy Ungdomskor!

Etter siste veka i Lyngdal skal eg innom Jæren og UL ei veke. Så reiser eg heim til Godøya i nokre få dagar, før eg og Audi-en køyrer til Bergen. Utan akvariet, det har visst flytta til Volda. I Bergen trur eg at eg får nøye meg med desse fiskane, så får eg heller starte oppdrett av litt hybelkaniner på stua :)