27 september 2007

Jingle Boys

Onsdag fekk eg besøk av Sven Harald og Ruben i radiostudioet til Radio Sentrum. Eg måtte ha litt hjelp til å lese inn nokre reklamejinglar til Pit Stop, som skal vere i Langevåg 19.-21. oktober.

Gutta boys var småskeptiske til å høyre si eiga stemme på radio først, men etter kvart tok det av. Veldig. Og korleis vart resultatet? Kanskje ikkje ekstremt seriøst og alvorleg, men vi hadde det i alle fall sjukt gøy. Du kan høyre sjølv!

- Pit Stop 1: Tostemt plystring og koseprat


- Pit Stop 2: Rudi Myntevik vs Ruben Austnes


- Pit Stop 3: Vaksenversjonen med Marit og Irene i bakgrunnen

26 september 2007

Den Himmelske Mann

Tysdag var eg på møte i Pinsekirka Filadelfia i Ålesund, der det var stappfull sal og meir til. Folk sat på golvet i midtgangen og til og med ute i gangen var det smekkfullt!

På møtet, som var i regi av Asialink, var mellom anna Evie og Pelle Karlsson, to av dei mest populære kristne artistane her i landet på 70- og 80-talet. Og så Broder Yun, då. Eller "Den Himmelske Mann", som han vert kalla - sidan han har klart å kome seg unna dei kinesiske myndigheitene gong på gong. Yun er ein særdeles engasjert og modig mann frå Kina, som har både blitt fengsla og torturert fleire gonger på grunn av trua si. Men han har blitt helbreda. Og er frimodig som aldri før.

No bur Broder Yun i Tyskland, men reiser omkring i Europa og fortel om korleis dei kristne forsamlingane berre veks og veks i Kina. Og kinesarane har ikkje berre som mål å frelse sitt eige folk - dei har store visjonar om å sende misjonærar vestover, til alle dei unådde folkeslaga i Asia. Eller "tilbake til Jerusalem", som dei seier.

Eg skal ikkje skryte på meg at eg les så veldig mange bøker for tida, men for nokre år sidan las eg "Den Himmelske Mann", som er noko av det sterkaste eg har vore borti. Stikk innom Prokla Media eller ein bokhandel i dag og bestill deg eit eksemplar!

Christoffer såg også ut til å storkose seg på Fila, han skal få låne mi bok :)

Dagens bønneemne: Tenk om vi hadde klart å vere like brennande som dei kristne i Kina! Dei risikerer livet for å vitne om Jesus, kva har vi å tape?

21 september 2007

God helg!

Har du planer for helga? Her er i alle fall kva eg har tenkt å gjere 21.-23. september 2007:

- andakt og Playstation på ungdomskveld i Søvika fredag klokka 20 og utover
- spele piano på jubileumsmøte for Finnmarksforeninga på godøya laurdag klokka 17
- piano, synth og bordtennis på ungdomskveld på Godøya laurdag klokka 21 og så roe ned med Svisj-UNO utover natta
- øvingsdag til Pit Stop i Langevågen med lovsongsteamet søndag ettermiddag

Og så blir det vel litt anna også, tenkjer eg. God helg, bruk tida godt og kos deg! Som ein fin start på helga kan vi alle nyte denne herlege scena frå Tottenham sin siste UEFA-cupkamp. Ein ung ballgutt som kanskje ikkje heilt klarer å halde seg nøytral...

18 september 2007

Tør vi å stole på Gud?

"Men Anden openberrar gåvene sine hjå kvar og ein til det som er gagnleg. For éin får visdoms tale ved Anden, ein annan kunnskaps tale ved den same Ande, ein annan får tru ved den same Ande, ein annan nådegåver til å lækja ved den same Ande."
(1. Korinterbrev 12:7-9)

Gud har gitt oss menneske forskjellige gåver. Dessverre er dei aller fleste av oss ikkje klar over kva han vil med liva våre og/eller vi er for redde til å prøve oss fram og sjå kva gåver han har gitt oss. Onsdag til søndag var det møteveke på Alnes, med ein talar som har fått ei konkret gåve til å be for folk som har ein fot som er lenger enn den andre. Han legg hendene på foten det gjeld, ber i Jesus namn og så vert føtene like lange. Kvar gong!

På kveldsmøta onsdag, torsdag og søndag var det fleire som fekk strekt ut ein fot. Nokre hadde vore plaga med ryggsmerte på grunn av skeivheita, andre igjen hadde ingen problem - men ville berre undersøke likevel. Dette fekk vi spesielt demonstrert på ungdomskvelden laurdag, der ungdommar i hopetal kom fram for å bli bedd for - og gong på gong fekk vi sjå ein fot vekse. Alt frå nokre få millimeter til 2-3 cm. Og føtene kom ut - i Jesu namn.

Ifølgje denne undersøkjinga så har faktisk dei aller fleste menneske ulik lengd på føtene. Ikkje alle blir plaga av det, men det har vist seg at mange nakke- og ryggsmerter forsvinn når ein får "jamna ut" lengda på føtene. Skeivheiter i føtene forplantar seg ofte oppover når du står/går skeivt dag etter dag, år etter år. Det høyrast vanvittig ut, det ser heilt sjukt - men det skjer. Og det er ikkje noko ein mann presterer i seg sjølv, han lar seg bruke av Jesus og bruker gåva si til å hjelpe andre.

Det er garantert fleire som har gåver til å lækje (helbrede) enn vi er klar over. Men korleis kan vi finne ut? Jo, vi kan prøve. Vi kan be. Til Jesus. Vi er ikkje garantert noko svar, det er umuleg å forstå kvifor Gud gjer det eine og ikkje det andre - men kva anna kan vi gjere?

Skeptisk? Denne videoen blei filma i sommar, der mannen som var på Alnes ba for ein gut som hadde veldig ulik lengd på føtene og var plaga på grunn av det. Det er ikkje skummelt, det er ikkje farleg. Det er berre eit Guds under som vi kan glede oss over. Tør du stole på Gud?

15 september 2007

Trommeflytting 2007

Ei aldri så lita bildeforteljing til alle dei som måtte tru at det ikkje går an å ha det gøy mens du flyttar trommer. I dette tilfellet frå Godøy bedehus til Alnes bedehus, med ein ung mann ved namn Ruben Austnes i hovudrolla.

For deg som ikkje har Facebook: klikk her.
For deg som har Facebook: klikk her.

13 september 2007

Herleg musikkvideo

Sitat min gode venn Christian Bjørke i Vårt Land: "Denne videoen fra ungdomsgruppa i United Pentacostal Church på Grefsen i Oslo er nå sett over en halv million ganger."

Sett deg godt tilbake, skru opp lyden på pcen og nyt! Gud er god! :)