26 september 2007

Den Himmelske Mann

Tysdag var eg på møte i Pinsekirka Filadelfia i Ålesund, der det var stappfull sal og meir til. Folk sat på golvet i midtgangen og til og med ute i gangen var det smekkfullt!

På møtet, som var i regi av Asialink, var mellom anna Evie og Pelle Karlsson, to av dei mest populære kristne artistane her i landet på 70- og 80-talet. Og så Broder Yun, då. Eller "Den Himmelske Mann", som han vert kalla - sidan han har klart å kome seg unna dei kinesiske myndigheitene gong på gong. Yun er ein særdeles engasjert og modig mann frå Kina, som har både blitt fengsla og torturert fleire gonger på grunn av trua si. Men han har blitt helbreda. Og er frimodig som aldri før.

No bur Broder Yun i Tyskland, men reiser omkring i Europa og fortel om korleis dei kristne forsamlingane berre veks og veks i Kina. Og kinesarane har ikkje berre som mål å frelse sitt eige folk - dei har store visjonar om å sende misjonærar vestover, til alle dei unådde folkeslaga i Asia. Eller "tilbake til Jerusalem", som dei seier.

Eg skal ikkje skryte på meg at eg les så veldig mange bøker for tida, men for nokre år sidan las eg "Den Himmelske Mann", som er noko av det sterkaste eg har vore borti. Stikk innom Prokla Media eller ein bokhandel i dag og bestill deg eit eksemplar!

Christoffer såg også ut til å storkose seg på Fila, han skal få låne mi bok :)

Dagens bønneemne: Tenk om vi hadde klart å vere like brennande som dei kristne i Kina! Dei risikerer livet for å vitne om Jesus, kva har vi å tape?

Ingen kommentarer: