29 februar 2008

Snart helg :)

Og FOR ei helg det skal bli!

No skal eg straks inn på kontoret og lage litt radio. Kvar fredag 15-16 er det Ung Time på Radio Sentrum, med feit musikk, eit par nyttige tips innimellom og informasjon om kva som skjer i helga. Skru på FM101.0 eller klikk deg inn på webradioen på radiosentrum.no.

Seinare i dag er det møte på Godøya (19.30), med frie vitnesbyrd og greier! Etter kvart går turen til kyrkjekjellaren på Valderøya, der eg skal ha andakt på Tollfritt.

Laurdag skal eg faktisk jobbe litt først, klokka 11 er det nemleg duka for semifinale i Salomokonkurransen, ein bibelkonkurranse for barn og ungdommar. Vigra Yngres A og Godøy Ving C har begge sjansen til å kome til finalen i Bergen, semifinalen skal avviklast på Ålesund bedehus i regi av meg og sjefen min.

Rett etter det, skal eg opp i Godøyhallen, der det er møteveke-KRIK frå klokka 15. Og seinare på kvelden er det ungdomskveld på Godøy bedehus, klokka 21 skal det skje!

Søndag veit eg foreløpig "berre" om kveldsmøte på Godøya 19.30, men det er ikkje berre berre, det!

Ha ei flott helg, oppfør deg fint og gjer gjerne noko som eg har tenkt å gjere :)

28 februar 2008

Ei lita oppdatering...

Småhektisk for tida, men kanskje på tide å orientere litt om kva eg har gjort på i det siste?

I helga måtte eg "stikke av" frå IUF-møteveka på Godøya, heldigvis fekk eg vere med på ein flott leir - Winter Games! 55 ungar og ein bønsj med leiarar hadde ei herleg helg på Orreneset, der Karl Arne Austnes var talar og eg var leirsjef.

Laurdag var vi i skibakken, søndag var det akekonkurranse, snømannnbygging og andre artige uteaktivitetar. Bilde av meg i mi "lekre" skijakke og mykje meir finn du på ungmisjon.no :)

Søndag kveld var eg på kino, måndag hadde vi avskjedsmiddag med alle tre besteforeldra på besøk og stakk på flyplassen for å sende lillebror av gårde til Australia igjen.

Stig-Johnny har eitt år igjen før han er ferdig utdanna superseriøs programmerar med ein lang tittel som eg aldri kjem til å klare å huske utenat.

Måndag-torsdag har han vore i London, i løpet av fredagen er han etter planen framme i Melbourne igjen.

Og måndag er sommarferien hans endeleg over, etter å ha hatt fri sidan midten av november...så kjem han heim igjen i november/desember, heldigvis har vi både MSN og Skype slik at det går an å ha ein viss kontakt sjølv om han bur så langt heimefrå som det går an å kome utan å forlate planeten Tellus...

Fyren du ser på bildet til høgre er forresten ikkje postmannen, men sjølvaste Bård Erik Nyvoll!

Tysdag var eg og Bård (og sju-åtte andre) ute med møtevekeflygeblad for andre tysdag på rad. Både på dørene til folk og i postkassene til dei vi ikkje rakk å besøke...så dermed bør alle vite at det er IUF-møteveke #3 på Godøya akkurat no!

For meir informasjon, sjå ukveld.net. Snakkast på møte :)

18 februar 2008

Faktisk endå betre!

Eg er så fornøgd med teksten eg skreiv på ukveld.net at eg limer inn akkurat det samme her også:

Sjølv om vi har hatt fem herlege møte, med både frelse og fornying, følte vi det vart feil å seie stopp no. Dermed vert det IUF-møteveke også den komande veka!

Onsdag startar vi opp igjen og håper at akkurat DU vil ta turen innom bedehuset. Ver frimodig, inviter med deg folk og kom på møte. Og ikkje gløym å be for det som skal skje, både når du er for deg sjølv og gjerne også på bønnemøta. Samling i bedehuskjellaren kvar dag, både klokka eitt og ein halvtime før møtestart.

For eg skjemmest ikkje ved evangeliet, for det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur. (Rom 1:16)

PS! Nei, eg går ikkje med den same T-skjorta heile tida. Og eg vaska den lekre Pit Stop-skjorta mi etter Bjorli-turen, slik at ho var nyvaska på isbildet. Så får tida vise om eg har på meg den same T-skjorta også neste laurdag...

11 februar 2008

Betre og betre?

Helga på Bjorli var heilt fantastisk på alle måtar, om nokon skulle lure! Og no har eg hatt taco/planleggingsmøte med heile talargjengen til IUF-møteveka på Godøya, so no gler eg meg skikkeleg til vi startar opp på onsdag. Sjå ukveld.net for meir informasjon, ta deg ein tur eller fem og få med deg folk! :)

Mange herlege bilde frå Bjorli finn du her:

Bjorli 2008 på ukveld.net

Bjorli 2008 #1 på Facebook
Bjorli 2008 #2 på Facebook
Bjorli 2008 #3 på Facebook

07 februar 2008

Bjorli, here I come!

I helga skal eg på skiweekend med Godøy Ungdomskor til Bjorli!

Kvar vinter fyller søsne kormedlemmer opp ein buss, søsar seg over fylkesgrensa til Oppland og søsar heile helga på Bjorliheimen og i skibakkane til Bjorli Skisenter. Til høgre ser du eit nydeleg bilde av meg på Bjorli-turen 2007...

Og som ikkje det skulle vere nok - neste veke er det IUF-møteveke på Godøya! Tor Ingvald Lauvrak, Edvard Thormodsæter med fleire kjem på besøk. Meir informasjon og rullande reklamebanner finn du sjølvsagt på ukveld.net :)

01 februar 2008

Snart 1. mai!

Torsdag var eg på planleggingsmøte for natt-til-første-mai-gospel 2008. Møtet var heime hos Gunhild, som er både leiar i barne- og ungdomsnemnda til Ung Misjon og Blindheim bedehus-entusiast.

Tusen takk til Gunhild, her avbilda 30. april i fjor, for nydeleg eplepai. I tillegg tok frøken Thorsen den lange vegen til butikken for å handle Cola, sjølv om ho hadde Pepsi Max i kjellaren. Slikt likar vi, brus framfor skvip tydar på god vurderingsevne!

Eg skal visst ha ansvaret for lovsongen på natt-til-første-mai også i år, noko som tydar på at vi kjempeseriøse godøyingane klarte oss ganske brukbart i fjor. Wehey!

Fleire bilde frå fjorårets natt-til-første-mai-gospel finn du sjølvsagt i Ung Misjon sitt bildegalleri. Så blir det spennande å sjå kven som dukkar opp på årets arrangement :)

Nokre gode forslag til kva eg skal finne på i helga, forresten?