29 februar 2008

Snart helg :)

Og FOR ei helg det skal bli!

No skal eg straks inn på kontoret og lage litt radio. Kvar fredag 15-16 er det Ung Time på Radio Sentrum, med feit musikk, eit par nyttige tips innimellom og informasjon om kva som skjer i helga. Skru på FM101.0 eller klikk deg inn på webradioen på radiosentrum.no.

Seinare i dag er det møte på Godøya (19.30), med frie vitnesbyrd og greier! Etter kvart går turen til kyrkjekjellaren på Valderøya, der eg skal ha andakt på Tollfritt.

Laurdag skal eg faktisk jobbe litt først, klokka 11 er det nemleg duka for semifinale i Salomokonkurransen, ein bibelkonkurranse for barn og ungdommar. Vigra Yngres A og Godøy Ving C har begge sjansen til å kome til finalen i Bergen, semifinalen skal avviklast på Ålesund bedehus i regi av meg og sjefen min.

Rett etter det, skal eg opp i Godøyhallen, der det er møteveke-KRIK frå klokka 15. Og seinare på kvelden er det ungdomskveld på Godøy bedehus, klokka 21 skal det skje!

Søndag veit eg foreløpig "berre" om kveldsmøte på Godøya 19.30, men det er ikkje berre berre, det!

Ha ei flott helg, oppfør deg fint og gjer gjerne noko som eg har tenkt å gjere :)

1 kommentar:

theoddway sa...

du fe ha ei go helg du også nils-ove! ej he faktisk tenkt å gjer nokke av d samme so du vertfall!