Ei lita oppdatering...
Småhektisk for tida, men kanskje på tide å orientere litt om kva eg har gjort på i det siste?
I helga måtte eg "stikke av" frå IUF-møteveka på Godøya, heldigvis fekk eg vere med på ein flott leir - Winter Games! 55 ungar og ein bønsj med leiarar hadde ei herleg helg på Orreneset, der Karl Arne Austnes var talar og eg var leirsjef.
Laurdag var vi i skibakken, søndag var det akekonkurranse, snømannnbygging og andre artige uteaktivitetar. Bilde av meg i mi "lekre" skijakke og mykje meir finn du på ungmisjon.no :)
Søndag kveld var eg på kino, måndag hadde vi avskjedsmiddag med alle tre besteforeldra på besøk og stakk på flyplassen for å sende lillebror av gårde til Australia igjen.
Stig-Johnny har eitt år igjen før han er ferdig utdanna superseriøs programmerar med ein lang tittel som eg aldri kjem til å klare å huske utenat.
Måndag-torsdag har han vore i London, i løpet av fredagen er han etter planen framme i Melbourne igjen.
Og måndag er sommarferien hans endeleg over, etter å ha hatt fri sidan midten av november...så kjem han heim igjen i november/desember, heldigvis har vi både MSN og Skype slik at det går an å ha ein viss kontakt sjølv om han bur så langt heimefrå som det går an å kome utan å forlate planeten Tellus...
Fyren du ser på bildet til høgre er forresten ikkje postmannen, men sjølvaste Bård Erik Nyvoll!
Tysdag var eg og Bård (og sju-åtte andre) ute med møtevekeflygeblad for andre tysdag på rad. Både på dørene til folk og i postkassene til dei vi ikkje rakk å besøke...så dermed bør alle vite at det er IUF-møteveke #3 på Godøya akkurat no!
For meir informasjon, sjå ukveld.net. Snakkast på møte :)
2 kommentarer:
næmen, gutten tok klaga mi t følge å klarte å oppdatere bloggen sin jo! fint bilde av dej forresten! ;) ken va fotografen av fotografen sa du??
Du syte unødvendig mykje over dinna jakka di! :O Ej hadde forventa at den va MYKJE styggere sann som du he snakka om den :P
Legg inn en kommentar