23 desember 2006

JAAAAAAAAAAAAAAA!!!

Etter X år med måltørke, kom endeleg namnet mitt med på scoringslista til Førjulsturneringa. Eit hardt skudd frå skrå vinkel gjekk høgt opp i næraste hjørnet og så hugsar eg ingenting av det som skjedde etterpå...fantastisk deilig, endeleg fekk eg utteljing for mange knallharde år med aktiv restitusjonstrening :D

I fjor scora Couzins null mål på tre kampar - hittil i år har vi to mål. Og laurdag blir det i alle fall to kampar til. Først showkamp mot Kuziner (jentelaget til Støbakk-slekta), så åttendedelsfinale mot Donkey Punch. Kva som skjer der er ikkje så veldig farlig, vi er vidare til sluttspelet for første gong på fleire år og eg - EG - scora mål!

Tenk at noko så banalt og enkelt som fotball kan vere så vanvittig gøy... :)

20 desember 2006

Dett var dett

Då er arbeidarmøtet 2006 ferdig. Eg er enno ikkje i superform, men fekk i alle fall med meg litt. Bibeltimane på føremiddagane var veldig bra, seminara på dagtid veit eg dessverre veldig lite om, men kveldsmøta var også fine. Og arbeidarfesten i bibelskulehallen var ein fin måte å runde det heile av på, med god julemiddag og mykje bra som vart presentert på scena.

Eg hjalp til med litt datanørding her og der. Styrte songane på nokre av møta og hadde det tekniske ansvaret for "Deal eller no deal" på arbeidarfesten. Blei kanskje litt for mange timar med PC og Powerpoint, men augene er ikkje heilt firkanta enno - så då reknar eg med at eg ikkje har tatt skade av det. Litt engasjement skadar aldri :)

Kombinasjonen bibeltimar og Nissen er forresten veldig bra. Ikkje julenissen, men Hans Erik Nissen. Herleg forkynnar (tidlegare prest) frå Danmark, som underviste med eit enormt engasjement og godt humør. Ikkje alltid like lett å forstå alt vår danske venn sa, men det aller meste gjekk inn - og forsvinn forhåpentlegvis ikkje ut igjen av knollen med det aller første. Evig optimist som alltid, typisk meg å gløyme alt innan ein dag eller to...

Og så det beste til slutt: Nattverdsmøtet søndag kveld var heilt konge. Å få dele nattverd og minne kvarandre om kva Jesus har ofra for oss er stort. Etter kvart vart ordet fritt, og kvelden vart berre betre og betre.

Spesielt tankevekkjande var han som fortalde om den muslimske asylsøkjaren som har vorte kristen i løpet av tida i Norge - og som no kanskje blir sendt tilbake til heimlandet sitt. Der han risikerer å bli dømt til døden for å ha konvertert frå islam. Noko norske myndigheiter tydelegvis ikkje bryr seg så mykje om...

Når det nærmar seg jul og vi kan kose oss heime saman med dei vi er glade i, er det viktig å hugse på at ikkje alle har det like godt som oss. Over heile verda er det folk som svelt i jula, det er folk som blir forfølgde og fengsla og til og med risikerer å bli drept - kvar einaste dag. Forhåpentlegvis klarer vi å hugse på alle desse innimellom all luksus, all fantastisk god julemat og alle gåvene. Vi skal få nyte jula, kose oss saman og feire at Gud sende Son sin til jorda for å frelse alle menneskje. Men samtidig må vi prøve å verte flenkare til å dele av all vår overflod og ikkje tenkje berre på oss sjølv. Sjølv om det er vanskeleg, kor mykje lettare er ikkje det å kjøpe ein burgermeny for hundre kroner enn å putte ein hundrings i ei innsamlingsbøsse?

Dette innlegget blei altfor langt, truleg er det ingen som gidd å lese heile. Men eg fekk i alle fall lufta litt tankar og oppsummert litt...amen! :)

18 desember 2006

Kva skjer?

Eg ser på klokka..snart midnatt. SNART MIDNATT? Er ikkje ho meir? Men.. Men.. I alle dagar - kvifor skal eg til å leggje meg då?

Det er ei forunderlig verd vi lever i. Snart står ikkje juletreet til påske. Og eg tar kvelden før natta har begynt.

Rart..

16 desember 2006

Woooooo, I'm flying to Ibiza!

...eller i alle fall Bergen lufthavn Flesland. Å vere sjuk er ikkje gøy, så no gidd eg ikkje vere sjuk lenger. Lenge leve SAS Braathens i alle fall til Bergen, at dei ikkje har ledige returbillettar under ein million får vi ta til etterretning.

Kort oppsummert: Eg reiser til Bergen. I dag. Utan å ete rullekebab i Førde på vegen. Eg har ikkje returbillett. Vurderer kanskje å ta buss opp igjen. Eller haike. Eller stele ein bil.

Uansett - i kveld skal eg til Bildøy og herje vilt. Eller ta det med ro. Eg skal i alle fall til Bildøy, så får vi sjå kva som skjer. Er ikkje heilt frisk, men det har eg aldri vore.

GOD HELG! :)

15 desember 2006

Skuffande av "gutta"

Eg er visst sjuk i dag, også. Dermed altfor mange timar framføre den firkanta boksa vi visstnok kallar TV.

I dag oppdaga eg at "Helene og gutta" har starta opp igjen på TV2 Zebra. Du veit, den halvdårlege franske nittitalsserien som alle såg då eg var ung og nesten sprek. Kan godt hende det har gått på Zebra lenge, men eg har i alle fall ikkje sett serien på aldri så mange år. Fekk med meg 15 minutt no og blei ganske forskrekka.

Tidlegare irriterte eg meg over at vi berre fekk høre dei siste fem-seks sekunda når "gutta", altså guttevennane til Helene, spelte med bandet sitt. I dag fekk vi 30 sekund med samanhengande speling og eg skulle nesten ønskje at eg aldri hadde sett det eg såg. Greitt nok at dei mimar når dei "spelar", men så fullstendig ute av takt og tydelegvis utan snøring på korleis en trykkjer på tangentane på eit piano? Og kva med å halde gitaren skikkeleg, Jose?

Nei, skuffande greier...neste gong håper eg at det blir maks fem-seks sekund igjen. Oi, no er det "Spin City" på TVNorge! For eit liv...

Superdraktene

Om ei veke brakar det laust i Godøyhallen, endeleg er det tid for Førjulsturneringa 2006!

Couzins er sjølvsagt med for ørtande år på rad, i år med nye drakter igjen. Dei tre siste åra har vi spelt i svarte drakter med grøne shortsar, men i fjor var det tydeleg at draktene har gått ut på dato. Tre kampar enda med null mål i rett ende, noko måtte gjerast...

Etter lange og intense forhandlingar enda vi opp med å kjøpe nye drakter - i år er det lyseblå frå topp til tå som er tingen. Og i år skal vi score minst eitt mål!

(Shortsane vi fekk var for korte, nye skal vere på veg i posten. Strømpene gidd eg ikkje å ta bilde av, Kay, dei er lyseblå dei også)

14 desember 2006

Fever in the morning..

...fever all through the night!

Torsdag ettermiddag skulle eg eigentleg kose meg med ein rullekebab i Førde. Men er eg der? Neida, Nils-Ove er heime på Godøya med feber og ganske elendig form generelt, han. Hurra!

I dag blir det sløving og mykje TV-sjåing, skal i alle fall bli frisk nok til å reise til Bildøy i morgon. SKAL ha rullekebab i Førde...

PS! Gratulerer til alle frå Alnes med ny tunnel. Forhåpentlegvis forsvinn ikkje alt drikkevatnet på Godøya no som vi har eit digert hol tvers gjennom fjellet vårt :)

13 desember 2006

Fantastisk bra...

Onsdag 13. desember. Forma er ikkje heilt i tusen, kan eg rett og slett vere litt småsjuk? Hovudet er tungt som ein kampestein, resten av kroppen vil knapt nok gjere som han får beskjed om...

Kva kan eg gjere for å bli betre? Kva skal til for å bli i alle fall litt friskare, så køyreturen til Bergen torsdag ikkje blir fullstendig utmattande? Eg tenkjer meg om, slappar godt av i godstolen på stua og plutseleg kjem eg på kva som kanskje kan gjere susen:

Boblebadet! Eg har jo boblebad, som eg nesten aldri kjem på å bruke. Kanskje skal eg tappe i og ta meg eit godt og varmt bad?

Ein halvtime seinare: Bobla verkeleg luftboblene like høgt sist gong? Var massasjestrålane i ryggen like knallharde? Blei det like mykje vatn utover badegolvet mitt? Har eg blitt i betre form, eller er eg endå sløvare etter å ha blitt kokt i det glovarme vatnet?

Eg er ikkje sikker, men det var i alle fall fantastisk bra...

:D

Juleavslutning

Tysdag hadde Sunnmøre Indremisjon juleavslutning på Brusdalsheimen.

Det blei ein fin kveld med nydeleg pynta bord, mykje god mat og drikke (årets første julemiddag for min del, no gler eg meg vanvittig til 24. desember!) og endå meir moro.

For å hjelpe til med forbrenninga, tok vi med EyeToy, slik at folk fekk trimma litt. Som alltid vart dette ein suksess, sjølv om nokre av deltakarane klaga på at det var i overkant slitsomt. Erik Furnes og Victor Haram, som var dei to første i aksjon, ga i alle fall alt sjølv om dei hardnakka nekta for at dei blei sveitte...

Også veteranane - her representerte ved Kjell Furnes og Gunnar Kjøde - fekk prøve seg og imponerte stort framføre kameraet. Alder er så absolutt inga hindring for å ha det gøy og søse med TV-spel!

Etter kvart kom eg på å filme litt, her har du den første filmsnutten som er klar for det offentlege søkjelyset. Marit Vingen og Oddveig Molnes har tydelegvis trimma seg gjennom ei hinderløype eller to tidlegare:



Fleire filmsnuttar kjem forhåpentlegvis etter kvart :)

12 desember 2006

Dataparty og slikt

Måndag var eg på dataparty på Alnes attmed ingen ringare enn Marit og Irene!

Marit trengde litt lydteknisk Powerpoint-hjelp, dermed køyrde eg den livsfarlege vegen ut til Alnes for å sjå kva eg kunne gjere. Alt gjekk bra til slutt og eg fekk ein gong for alle bevist at dei to syngjedamene er litt av nokre datanørdar :)

Visste du forresten at Irene les Se og Hør? Ho prøvde desperat å forklare seg med at "eg kjøpte bladet for å lese om Ørjan (Idol-Ørjan) fordi eg kjenner foreldra hans..."

Men nok sladder om M2M, eg reknar sjølvsagt med at alle som kjem innom denne bloggen er mest interesserte i å vite kva eg har gjort i det siste!

  • I Austefjorden spelte eg kurong og imponerte stort. Det vil seie, imponerte i alle fall meg sjølv...

  • Dagen etter (fredag 1. desember) var eg i Ørsta, der eg fekk lasagne og snopa for harde livet i kiosken på bedehuset.

  • Sist fredag var eg på ungdomskveld på Emblem. Der likar dei å blende talaren med ekstremt kraftige lyskastarar, noko som egentleg er greitt, sidan eg aldri veit kor eg skal sjå når eg held andakt.

  • Endeleg er eg ferdig med Bildøykalenderen 2007. Eg kjem alltid for seint i gong, men i år kjem kalenderen forhåpentlegvis ut i tusenvis av postkasser før jul.

    Torsdag reiser eg til Bergen for å ete kebab, henge på Esso Loddefjord og prate med beibs i Betlehem. Skal på arbeidarmøte på Bildøy på dagtid, noko som betyr at eg har heile kveldane og nettene på å råne i bysentrum. Og på ettemiddagstid kan eg spele fotball og kome i storform til Couzins skal vinne Førjulsturneringa 2007!

  • 01 desember 2006

    God helg!

    Endeleg!

    Eitt minutt over midnatt, 1. desember 2006: Endeleg kan Nils-Ove stappe i seg si første marsipanpølse på år og dag! Eller i alle fall ganske så mange dagar!

    Eg har veldig få prinsipp her i livet. Men dei siste åra har eg stadig meir irritert på alle som skal framskunde jula meir og meir for kvart år. Bensinstasjonar, kioskar og butikkar set fram julesnopet allereie tidleg i oktober. Julebrusa kjem i hyllene midt i november. Julepynten skal bortimot hengje oppe heile året...

    Ikkje det at eg har noko imot jula, snarare tvert imot. Men advent startar ikkje før 1. desember, og julaftan er faktisk ikkje før 24. desember. Det må vel då vere mykje koselegare å ha ei relativ kort og intens julefeiring, i staden for å mase om jul så lenge at folk omtrent er ferdige med julemiddagen og pakkane før adventskalendarane er halvopna?

    Uansett, i år har eg konsekvent takka nei til alle julerelaterte matvarer og liknande før 1. desember. Ikkje julebrød, ikkje pepparkaker, ikkje julebrus - og i alle fall ikkje julemarsipan. Eg kjøper marsipanpølser stort sett heile året og nyt det stort, men med ein gong julemerket kom på pakkane så starta eg mi eiga lille fasteperiode. Men no er endeleg tida moden for å starte inntaket av julesnacks. Mine to første marsipanpølser smakte fantastisk godt, om ikkje lenge skal eg helle nedpå sesongens første julebrus også. Mmm, jul er godt...i desember, vel å merke!

    Utanom å irritere meg over førjulsmaset, kan eg vel kanskje opplyse om at det er i indre strok det skjer for tida. Torsdag var eg først på YA i Austefjorden, før eg stakk innom lærarstudent Simon Gjøen (bildet) i ein ekte lærarstudenthybel i Volda. Vi spelte lærarstudentsjakk og prata litt lærarstudentprat ilag før eg køyrde heim igjen for å ete førstedesembermarsipanpølsene mine.

    Fredag kveld skal eg nesten like langt, då er det ungdomsklubben Pit-Stop i Ørsta som er så heldige å å sjølvaste Godøynissen/Julenilsen på besøk. Og i bilen skal eg ete så mykje julemarsipan og drikke så mykje julebrus at eg hyperventilerer av sukkersjokk!