13 desember 2006

Juleavslutning

Tysdag hadde Sunnmøre Indremisjon juleavslutning på Brusdalsheimen.

Det blei ein fin kveld med nydeleg pynta bord, mykje god mat og drikke (årets første julemiddag for min del, no gler eg meg vanvittig til 24. desember!) og endå meir moro.

For å hjelpe til med forbrenninga, tok vi med EyeToy, slik at folk fekk trimma litt. Som alltid vart dette ein suksess, sjølv om nokre av deltakarane klaga på at det var i overkant slitsomt. Erik Furnes og Victor Haram, som var dei to første i aksjon, ga i alle fall alt sjølv om dei hardnakka nekta for at dei blei sveitte...

Også veteranane - her representerte ved Kjell Furnes og Gunnar Kjøde - fekk prøve seg og imponerte stort framføre kameraet. Alder er så absolutt inga hindring for å ha det gøy og søse med TV-spel!

Etter kvart kom eg på å filme litt, her har du den første filmsnutten som er klar for det offentlege søkjelyset. Marit Vingen og Oddveig Molnes har tydelegvis trimma seg gjennom ei hinderløype eller to tidlegare:



Fleire filmsnuttar kjem forhåpentlegvis etter kvart :)

Ingen kommentarer: