01 desember 2006

Endeleg!

Eitt minutt over midnatt, 1. desember 2006: Endeleg kan Nils-Ove stappe i seg si første marsipanpølse på år og dag! Eller i alle fall ganske så mange dagar!

Eg har veldig få prinsipp her i livet. Men dei siste åra har eg stadig meir irritert på alle som skal framskunde jula meir og meir for kvart år. Bensinstasjonar, kioskar og butikkar set fram julesnopet allereie tidleg i oktober. Julebrusa kjem i hyllene midt i november. Julepynten skal bortimot hengje oppe heile året...

Ikkje det at eg har noko imot jula, snarare tvert imot. Men advent startar ikkje før 1. desember, og julaftan er faktisk ikkje før 24. desember. Det må vel då vere mykje koselegare å ha ei relativ kort og intens julefeiring, i staden for å mase om jul så lenge at folk omtrent er ferdige med julemiddagen og pakkane før adventskalendarane er halvopna?

Uansett, i år har eg konsekvent takka nei til alle julerelaterte matvarer og liknande før 1. desember. Ikkje julebrød, ikkje pepparkaker, ikkje julebrus - og i alle fall ikkje julemarsipan. Eg kjøper marsipanpølser stort sett heile året og nyt det stort, men med ein gong julemerket kom på pakkane så starta eg mi eiga lille fasteperiode. Men no er endeleg tida moden for å starte inntaket av julesnacks. Mine to første marsipanpølser smakte fantastisk godt, om ikkje lenge skal eg helle nedpå sesongens første julebrus også. Mmm, jul er godt...i desember, vel å merke!

Utanom å irritere meg over førjulsmaset, kan eg vel kanskje opplyse om at det er i indre strok det skjer for tida. Torsdag var eg først på YA i Austefjorden, før eg stakk innom lærarstudent Simon Gjøen (bildet) i ein ekte lærarstudenthybel i Volda. Vi spelte lærarstudentsjakk og prata litt lærarstudentprat ilag før eg køyrde heim igjen for å ete førstedesembermarsipanpølsene mine.

Fredag kveld skal eg nesten like langt, då er det ungdomsklubben Pit-Stop i Ørsta som er så heldige å å sjølvaste Godøynissen/Julenilsen på besøk. Og i bilen skal eg ete så mykje julemarsipan og drikke så mykje julebrus at eg hyperventilerer av sukkersjokk!

1 kommentar:

Sildesotten sa...

Mange vise tanka her ja.
Når du kjeme t bergen så får me ta ein lærarstudentprat, gjerne øve ei marsipanpølsa ellar to! (trygt innforbi julemarsipanrammane dine..)