20 desember 2006

Dett var dett

Då er arbeidarmøtet 2006 ferdig. Eg er enno ikkje i superform, men fekk i alle fall med meg litt. Bibeltimane på føremiddagane var veldig bra, seminara på dagtid veit eg dessverre veldig lite om, men kveldsmøta var også fine. Og arbeidarfesten i bibelskulehallen var ein fin måte å runde det heile av på, med god julemiddag og mykje bra som vart presentert på scena.

Eg hjalp til med litt datanørding her og der. Styrte songane på nokre av møta og hadde det tekniske ansvaret for "Deal eller no deal" på arbeidarfesten. Blei kanskje litt for mange timar med PC og Powerpoint, men augene er ikkje heilt firkanta enno - så då reknar eg med at eg ikkje har tatt skade av det. Litt engasjement skadar aldri :)

Kombinasjonen bibeltimar og Nissen er forresten veldig bra. Ikkje julenissen, men Hans Erik Nissen. Herleg forkynnar (tidlegare prest) frå Danmark, som underviste med eit enormt engasjement og godt humør. Ikkje alltid like lett å forstå alt vår danske venn sa, men det aller meste gjekk inn - og forsvinn forhåpentlegvis ikkje ut igjen av knollen med det aller første. Evig optimist som alltid, typisk meg å gløyme alt innan ein dag eller to...

Og så det beste til slutt: Nattverdsmøtet søndag kveld var heilt konge. Å få dele nattverd og minne kvarandre om kva Jesus har ofra for oss er stort. Etter kvart vart ordet fritt, og kvelden vart berre betre og betre.

Spesielt tankevekkjande var han som fortalde om den muslimske asylsøkjaren som har vorte kristen i løpet av tida i Norge - og som no kanskje blir sendt tilbake til heimlandet sitt. Der han risikerer å bli dømt til døden for å ha konvertert frå islam. Noko norske myndigheiter tydelegvis ikkje bryr seg så mykje om...

Når det nærmar seg jul og vi kan kose oss heime saman med dei vi er glade i, er det viktig å hugse på at ikkje alle har det like godt som oss. Over heile verda er det folk som svelt i jula, det er folk som blir forfølgde og fengsla og til og med risikerer å bli drept - kvar einaste dag. Forhåpentlegvis klarer vi å hugse på alle desse innimellom all luksus, all fantastisk god julemat og alle gåvene. Vi skal få nyte jula, kose oss saman og feire at Gud sende Son sin til jorda for å frelse alle menneskje. Men samtidig må vi prøve å verte flenkare til å dele av all vår overflod og ikkje tenkje berre på oss sjølv. Sjølv om det er vanskeleg, kor mykje lettare er ikkje det å kjøpe ein burgermeny for hundre kroner enn å putte ein hundrings i ei innsamlingsbøsse?

Dette innlegget blei altfor langt, truleg er det ingen som gidd å lese heile. Men eg fekk i alle fall lufta litt tankar og oppsummert litt...amen! :)

2 kommentarer:

Anonym sa...

Viktige tanker dette:) Ikke alltid like lett å putte penger på den "bøssen" men da er fast givertjeneste bra...

Anonym sa...

Amen, broder!