Dataparty og slikt
Måndag var eg på dataparty på Alnes attmed ingen ringare enn Marit og Irene!
Marit trengde litt lydteknisk Powerpoint-hjelp, dermed køyrde eg den livsfarlege vegen ut til Alnes for å sjå kva eg kunne gjere. Alt gjekk bra til slutt og eg fekk ein gong for alle bevist at dei to syngjedamene er litt av nokre datanørdar :)
Visste du forresten at Irene les Se og Hør? Ho prøvde desperat å forklare seg med at "eg kjøpte bladet for å lese om Ørjan (Idol-Ørjan) fordi eg kjenner foreldra hans..."
Men nok sladder om M2M, eg reknar sjølvsagt med at alle som kjem innom denne bloggen er mest interesserte i å vite kva eg har gjort i det siste!
Torsdag reiser eg til Bergen for å ete kebab, henge på Esso Loddefjord og prate med beibs i Betlehem. Skal på arbeidarmøte på Bildøy på dagtid, noko som betyr at eg har heile kveldane og nettene på å råne i bysentrum. Og på ettemiddagstid kan eg spele fotball og kome i storform til Couzins skal vinne Førjulsturneringa 2007!
2 kommentarer:
Sjå ka ej fann, heimesia t godaste nils ove;)
Men du? E litt skuffa over at du ikkje he link t bloggen min...;/ D syns ej absolutt du burde gjer nokke m!!
Sku gjerne ha vør me på kebabtur,men ej reise som sagt..men vil berre minne dej på ka so e den beste sjappa...Facil kebab!!!Dei he faktisk fått 5 stjerne fra kebabologisk institutt!!
Talast åt;)
åååå,ej me vil til bergen!! d e litt urettferdi ditte live altså!:P
hehe, ser du he linka mej:P du e faktisk en av få som he fått me dej at navne e me 1 n å at ej også vil ha me en B:P flenke du e:P
Legg inn en kommentar