15 desember 2006

Skuffande av "gutta"

Eg er visst sjuk i dag, også. Dermed altfor mange timar framføre den firkanta boksa vi visstnok kallar TV.

I dag oppdaga eg at "Helene og gutta" har starta opp igjen på TV2 Zebra. Du veit, den halvdårlege franske nittitalsserien som alle såg då eg var ung og nesten sprek. Kan godt hende det har gått på Zebra lenge, men eg har i alle fall ikkje sett serien på aldri så mange år. Fekk med meg 15 minutt no og blei ganske forskrekka.

Tidlegare irriterte eg meg over at vi berre fekk høre dei siste fem-seks sekunda når "gutta", altså guttevennane til Helene, spelte med bandet sitt. I dag fekk vi 30 sekund med samanhengande speling og eg skulle nesten ønskje at eg aldri hadde sett det eg såg. Greitt nok at dei mimar når dei "spelar", men så fullstendig ute av takt og tydelegvis utan snøring på korleis en trykkjer på tangentane på eit piano? Og kva med å halde gitaren skikkeleg, Jose?

Nei, skuffande greier...neste gong håper eg at det blir maks fem-seks sekund igjen. Oi, no er det "Spin City" på TVNorge! For eit liv...

5 kommentarer:

GUNHILD sa...

takker;)
ej hekje heilt fan av å selge mat til folk som trenge de:P syns d e bedre å gi da! så d e berre å sei i frå dersom du trenge privat kokke, så kan ej komme å styre på kjøkkene ditt ej:P
bleikje d nokke tur på dej no når du e sjuk?? da trenge du sikkert enda meir oppvartning:P

GUNHILD sa...

bra du e opitimistisk!
om du så berre kjem dej til førde, så får no du dej kebab:)
vi skal ha juleavslutning me nytt-lys å y-ungdom på blindheim i kveld:) så no sitte ej å forbereda ei andakt her:P
e d ellers nokke nytt??

Anonym sa...

Hallaisen!

Blirkje det bergenstur med dej? DÅ må du ta kontakt, ej e no tilbake på sunnmøre før fyrste gong sida påske....e på tide å sjå dinna leilegheita di no (hinta om å komme på besøk no ja..hehe)

Anonym sa...

hei.

Stine sa...

Aiaiai, he Helene og gutta virkelig begynt oppaa igjen??? Og ej e i Peru?!?! Oi, d jenge ikkje an! Alt ej jenge glipp av altsaa...