13 desember 2006

Fantastisk bra...

Onsdag 13. desember. Forma er ikkje heilt i tusen, kan eg rett og slett vere litt småsjuk? Hovudet er tungt som ein kampestein, resten av kroppen vil knapt nok gjere som han får beskjed om...

Kva kan eg gjere for å bli betre? Kva skal til for å bli i alle fall litt friskare, så køyreturen til Bergen torsdag ikkje blir fullstendig utmattande? Eg tenkjer meg om, slappar godt av i godstolen på stua og plutseleg kjem eg på kva som kanskje kan gjere susen:

Boblebadet! Eg har jo boblebad, som eg nesten aldri kjem på å bruke. Kanskje skal eg tappe i og ta meg eit godt og varmt bad?

Ein halvtime seinare: Bobla verkeleg luftboblene like høgt sist gong? Var massasjestrålane i ryggen like knallharde? Blei det like mykje vatn utover badegolvet mitt? Har eg blitt i betre form, eller er eg endå sløvare etter å ha blitt kokt i det glovarme vatnet?

Eg er ikkje sikker, men det var i alle fall fantastisk bra...

:D

4 kommentarer:

GUNHILD sa...

Der ser du!!!!
et boblebadekar kan og bør brukast til meir enn støvoppsamler!:P
kos dej i bergen:)

Anonym sa...

eeeh.... onsdag 13. februar?? ka skjer med det? leve du i fortid eller framtid, eller e du bare litt fjerne??

-Åshild-

Nils-Ove Støbakk sa...

Hæ? Kan ikkje du å lese, Åshild? He "alltid" stått desember der...

:P

Anonym sa...

hehe, du slide... koss klare du blanda dei to mnd? eller koss klare du tru at me e i februar?? du e meg ein liden skrue du...