21 mars 2008

Kake og greier!

Torsdag 20. mars 2008. Skjærtorsdag. Brann fekk bot av UEFA. Alexander Dale Oen sette nordisk rekord på 200 meter bryst. Ashley Cole sa endeleg unnskyld etter å ha grisetakla Alan Hutton.

Og Nils-Ove Støbakk vart eitt år eldre...

Dagen starta med familieselskap "nedi Støbakk", med gryterett, kalkun og etter kvart ei nydeleg marsipankake. Så var det møte på Godøy-bedehuset (møteveke #6) før det vart ny bursdagsfestival i øvre Leitebakk. Den nye rekorden i talet på personar inne i leiligheita mi samstundes er no 38!

Sidan sist blogg-oppdatering har eg mellom anna vore på påskeleir på Brusdalsheimen og sett Godøy slå Rollon 1-0. Elles er det ikkje så mykje å seie anna enn at du er hjarteleg velkomen til møte på Godøy bedehus - for meir informasjon, sjå ukveld.net :)

Velsigna god påske!

05 mars 2008

No stress



Vi menneske vil veldig ofte klare oss på eigahand. Dessverre er det nokre ting som er fullstendig umulig for oss, som å fortene eit evig liv. Den einaste måten vi kan klare det på, er å innrømme at for oss er det umulig. Og stole heilt og fullt på Han som var villig til å gi seg sjølv for oss...

Du kan kjempe så mykje du vil, men det går ikkje. Du er ikkje sterk nok. Ikkje i deg sjølv. Ikkje før du gir opp, og innser at du treng hjelp. Då er ingenting umulig.

Dei siste tre vekene har eg fått sett og opplevd stadig nye ting med Jesus. I kveld startar vi på den fjerde møteveka på Godøya, i utgangspunktet hadde vi planlagt berre ei. Men Jesus har overraska oss, gong på gong. Og vi har fått sjå at når du er på lag med den sterkaste, då er ingenting umulig!

Kom til meg, alle som strevar og har tungt å bera, og eg vil gje dykk kvile. (Matteus 11:28)