Snart 1. mai!
Torsdag var eg på planleggingsmøte for natt-til-første-mai-gospel 2008. Møtet var heime hos Gunhild, som er både leiar i barne- og ungdomsnemnda til Ung Misjon og Blindheim bedehus-entusiast.
Tusen takk til Gunhild, her avbilda 30. april i fjor, for nydeleg eplepai. I tillegg tok frøken Thorsen den lange vegen til butikken for å handle Cola, sjølv om ho hadde Pepsi Max i kjellaren. Slikt likar vi, brus framfor skvip tydar på god vurderingsevne!
Eg skal visst ha ansvaret for lovsongen på natt-til-første-mai også i år, noko som tydar på at vi kjempeseriøse godøyingane klarte oss ganske brukbart i fjor. Wehey!
Fleire bilde frå fjorårets natt-til-første-mai-gospel finn du sjølvsagt i Ung Misjon sitt bildegalleri. Så blir det spennande å sjå kven som dukkar opp på årets arrangement :)
Nokre gode forslag til kva eg skal finne på i helga, forresten?
3 kommentarer:
ååå,så kosli at du laga et eget blogginnlegg for mej!!:D
ditta satte ej STOR pris på, å tenk at du kom på å gjer de heilt ta dej sjøl:P
No problem :P
De ekje SNART 1.mai! De e jo lenge til :P Ej he vør i Madrid innen den tid ^^ Hoho :D
Men i helga so e d forresten tollfritt i dag, å i morga e d ungdomskveld! Hohoi :P
Legg inn en kommentar