18 februar 2008

Faktisk endå betre!

Eg er så fornøgd med teksten eg skreiv på ukveld.net at eg limer inn akkurat det samme her også:

Sjølv om vi har hatt fem herlege møte, med både frelse og fornying, følte vi det vart feil å seie stopp no. Dermed vert det IUF-møteveke også den komande veka!

Onsdag startar vi opp igjen og håper at akkurat DU vil ta turen innom bedehuset. Ver frimodig, inviter med deg folk og kom på møte. Og ikkje gløym å be for det som skal skje, både når du er for deg sjølv og gjerne også på bønnemøta. Samling i bedehuskjellaren kvar dag, både klokka eitt og ein halvtime før møtestart.

For eg skjemmest ikkje ved evangeliet, for det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur. (Rom 1:16)

PS! Nei, eg går ikkje med den same T-skjorta heile tida. Og eg vaska den lekre Pit Stop-skjorta mi etter Bjorli-turen, slik at ho var nyvaska på isbildet. Så får tida vise om eg har på meg den same T-skjorta også neste laurdag...

2 kommentarer:

Line sa...

Haha, ja viktig å sei fra at du ikkje hadde hatt på dej t-skjorta heile tida:P

theoddway sa...

syns d e på tide du oppdatera bloggen din igjen nils! dåkke e jo igang me veke #3 der ute! :)