18 september 2007

Tør vi å stole på Gud?

"Men Anden openberrar gåvene sine hjå kvar og ein til det som er gagnleg. For éin får visdoms tale ved Anden, ein annan kunnskaps tale ved den same Ande, ein annan får tru ved den same Ande, ein annan nådegåver til å lækja ved den same Ande."
(1. Korinterbrev 12:7-9)

Gud har gitt oss menneske forskjellige gåver. Dessverre er dei aller fleste av oss ikkje klar over kva han vil med liva våre og/eller vi er for redde til å prøve oss fram og sjå kva gåver han har gitt oss. Onsdag til søndag var det møteveke på Alnes, med ein talar som har fått ei konkret gåve til å be for folk som har ein fot som er lenger enn den andre. Han legg hendene på foten det gjeld, ber i Jesus namn og så vert føtene like lange. Kvar gong!

På kveldsmøta onsdag, torsdag og søndag var det fleire som fekk strekt ut ein fot. Nokre hadde vore plaga med ryggsmerte på grunn av skeivheita, andre igjen hadde ingen problem - men ville berre undersøke likevel. Dette fekk vi spesielt demonstrert på ungdomskvelden laurdag, der ungdommar i hopetal kom fram for å bli bedd for - og gong på gong fekk vi sjå ein fot vekse. Alt frå nokre få millimeter til 2-3 cm. Og føtene kom ut - i Jesu namn.

Ifølgje denne undersøkjinga så har faktisk dei aller fleste menneske ulik lengd på føtene. Ikkje alle blir plaga av det, men det har vist seg at mange nakke- og ryggsmerter forsvinn når ein får "jamna ut" lengda på føtene. Skeivheiter i føtene forplantar seg ofte oppover når du står/går skeivt dag etter dag, år etter år. Det høyrast vanvittig ut, det ser heilt sjukt - men det skjer. Og det er ikkje noko ein mann presterer i seg sjølv, han lar seg bruke av Jesus og bruker gåva si til å hjelpe andre.

Det er garantert fleire som har gåver til å lækje (helbrede) enn vi er klar over. Men korleis kan vi finne ut? Jo, vi kan prøve. Vi kan be. Til Jesus. Vi er ikkje garantert noko svar, det er umuleg å forstå kvifor Gud gjer det eine og ikkje det andre - men kva anna kan vi gjere?

Skeptisk? Denne videoen blei filma i sommar, der mannen som var på Alnes ba for ein gut som hadde veldig ulik lengd på føtene og var plaga på grunn av det. Det er ikkje skummelt, det er ikkje farleg. Det er berre eit Guds under som vi kan glede oss over. Tør du stole på Gud?