29 april 2008

Full fart

For første gong sidan 13. februar er det ikkje møteveke på Godøya denne veka. IUF-møteaksjonen 2008 vart avslutta med jubel og song og kaker og kjeks søndag 27. april. Rart, men samtidig stort å ha fått opplevd så mykje dei siste månadane. Gud er god!

Men det er nok å finne på likevel. Torsdag sluttar eg som tenåringsarbeidar, men fram til då er det full fart. Onsdag kveld er det nemleg duka for vårens store happening, natt til 1. mai-gospel på Blindheim bedehus!

Tysdag (i dag) har eg sendt pressemelding til Sunnmørsposten og laga til litt småtjafs som skal rulle på storskjermen. Seinare i dag skal eg kopiere opp notar (vi skal vere lovsongsteam, godt samkøyrde etter to mnd med "øving"...), flytte Respons sitt anlegg heilt frå Emblem til Blindheim og ete middag saman med IUF-styret, lovsongsteamet og Tor Ingvald.

Onsdag skal Sunnmørskirka sitt anlegg flyttast frå Ålesund bedehus til Blindheim og diverse ting ordnast, før sjølve gospelnighten startar 20.00. Godøy Ungdomskor, Respons, Nytt Lys og småkonsertar i kjellaren. Konge! :)

Torsdag er eg arbeidsledig på papiret, men skal ikkje berre sløve likevel. Ungdomskoret skal synge på samtalegudsteneste og eg skal sørgje for at lyden blir sann passe åkei. Og - ikkje minst - så skal eg i bursdagsselskap til Kay Amund, som straks er 26 år!

Fredag skal eg berre lage litt radio (Ung Time, kvar fredag 15-16 på radiosentrum.no og FM101.0) og sjå Brattvåg-Godøy i Brattvågen. Og så blir det ungdomskveld på Godøy bedehus laurdag kveld.

Ha ei flott veke, snakkast både her og der! :)

1 kommentar:

GUNHILD sa...

tjohoooo!
ej får ver på bloggen din en gong til:D