18 mai 2008

Sirkus, kamp, bilrebus og 17. mai

Då er ei hektisk, men utruleg kjekk veke over. Tre store høgdepunkt som må nemnast:

- Tysdag 13. mai var eg på Ciruks Agora saman med Daniel, Lennart, John Olav og Mette. Eigentleg skulle dette vere første gongen det var sirkus på Godøya, men i siste liten ombestemte sirkuset seg og satte opp teltet på Giske i staden. Men vi fekk uansett nokre artige timar med klovnar, akrobatikk, hestar, elefantar og Jonas Alnes Gustafson som dagens helt!

- Fredag 16. mai var det først fotballkamp på Valdervoll. Etterpå var det som vanleg bilrebus på Godøya, med meg som rebussjef. 28 bilar med om lag 140 deltakarar stilte opp og vi fekk ein flott kveld med Lisa Nyvoll som årets vinnar. Les meir om bilrebusen (og møta som skal vere til helga!) på ukveld.net.

- Laurdag 17. mai var det 17. mai. Med andre ord tog, god mat, kjekke folk, leikar og program i hallen og så sløving på kvelden heilt til slutt. Klikk her for bilde frå den store dagen, med meg i bunad og det heile...

No er det søndag, og eg gjer meg klar til å reise. Først til Oslo, så går ferda vidare til Tel Aviv på mandag. Flybillettar og leigebil er i orden, så får vi forhåpentlegvis overnatting også i løpet av den vekeslange turen til Israel. Vermeldingane ser veldig lovande ut, så det spørs om eg ikkje må kjøpe meg solbriller og solkrem der nede i Midtøsten! :D

PS! Måndag 26. til torsdag 29. blir eg i Oslo. Om nokon har gode forslag til kva eg skal finne på der, ta gjerne kontakt.

Ingen kommentarer: