22 mai 2008

I'm alive!

Til alle bekymra lesarar av den fantastisk bloggen min - eg er i live! :)

Har berre ikkje så mykje tid til nettsurfing her nede i Israel, men har i alle fall hatt ein herleg tur så langt. Vi kom til Tel Aviv på måndag og overnatta der til tysdag. Så køyrde vi innom Netanya (bildet), Cæsarea (gammal ruinby) og Nasaret på veg til Tiberias, der vi budde frå tysdag til torsdag.

Onsdagen starta med svømmebassengbading og pittelitt soling, før vi køyrde rundt Genesaretsjøen og hang på Golanhøgdene. Torsdag gjekk turen gjennom Vestbredden til Dødehavet. Der var vi først oppe på Massada, ei fantastisk fjellborg. Etterpå bada vi - heilt sjukt å berre flyte omkring! Ikkje så kjekt å få supersalt salt i munnen, men det gjekk bra...

Og no sit eg altså på takterassen i Eilat. På det som heiter ungdomsherberge her, men er minst like bra som norske hotell. Litt over klokka 23 på kvelden, i shorts og t-skjorte. Vi var akkurat borte i sentrum og kjøpte oss smoothie, som dei sel overalt her i Israel. Sunt, godt og herleg forfriskande!

Planen vidare er sløving i Eilat fredag, så stikk vi oppover til Jerusalem til helga. Og muligens innom Dødehavet igjen, sidan kameraet var batteritomt første gongen vi var der...

Mange fleire bilde kjem etterkvart, men truleg ikkje før eg er i gamlelandet igjen. Ha det fint så lenge, folkens. Eller som dei seier det her i nabolaget: Shalom!

3 kommentarer:

Line sa...

Kjøp mej en smoothie :D

Anonym sa...

Kos dokke....klar t neste kamp?

Nils-Ove Støbakk sa...

Smoothie skal bli! Og ej e sjølvsagt på plass til Godøy-Spjelkavik fredag 30. mai :)