18 januar 2008

Tilbake på lufta

I dag, fredag 18. januar 2008, er eg endeleg tilbake på lufta etter litt ufrivillig lang juleferie. Kvar fredag 15-16 er det Ung Time på Radio Sentrum sine frekvensar (101.0 i ålesundsområdet i alle fall) og på Radio Sentrum sin nettradio. Om du ikkje får med deg sendinga då, er det reprise natt til søndag 03-04!

I denne sendinga får du mellom anna nokre smakebitar frå to veldig bra plater. Steven Curtis Chapman - This Moment kom ut i november, er Chapman sin første CD på tre år og er rett og slett gitarbasert lovsang som er lett å synge med på. Gode tekstar og mange bibelhenvisningar, slikt likar vi.

Kirk Franklin - The Fight Of My Life er den mest utypiske Kirk Franklin-plata eg har sett til no, med omtrent alle musikksjangrar innblanda i Kirk sin contemporary gospel-stil. Spesielt spor 9, med Tobymac som gjestesongar, er vanvittig kul! Lovsangsrock-gospel-rap eller noko slikt? Absolutt verdt ein hundrelapp eller to!

Denne helga skal eg mellom anna spele piano på barnemøte på Godøya og vere tekniker på ein Bjarte Leithaug-konsert. Og om berre ei veke er det TREFF ET TRE på Orreneset/Strandafjellet. Skileir for deg som er 16+, med sjølvaste Thore Søvik frå SUM som talar. Bra leir, bra skiforhold, bra leir! Klikk deg inn på Ung Misjon dått enno og meld deg på :)

Ingen kommentarer: