09 november 2006

Løfsøykjæringa

Då eg var liten, fekk vi beskjed om at vi ikkje måtte gå ned til løa nedom huset vårt. Der budde nemlig "Løfsøykjæringa", som kunne kome og ta oss...

Historia har sitt opphav i ei gammal tante som for mange, mange år sidan kledde seg ut og skremde far min og ein kamerat då dei gjekk ned i løa. Og etter det har generasjon på generasjon i Støbakk-slekta frykta denne skumle dama frå Løfsøya - eller Lepsøya, om du vil.

Tysdag var eg på Løfsøya for første gong i mitt liv. Der møtte eg heldigvis berre blide og kjekke folk, spesielt Sølvi og Anbjørg - dei to kjekke damene som har ansvaret for både barneforeininga og dei to tysdagsklubbane på Løfsøya. Eg fekk vere saman med alle tre gruppene, som har kvar sine tidspunkt på tysdagar. Først dei minste, så dei frå 5. til 7. klasse før ungdomsskuleelevane tok over.

Full fart, mykje moro og ein ferjetur med litt vel store bølgjer for min del. Men eg overlevde både ferja og Løfsøya - og kan ein gong for alle konstatere at "kjæringane" på Løfsøya ikkje er skumle i det heile tatt! :)


Eg hadde som vanleg med meg Eye-Toy...


...som også den tyske presten på øya fekk prøve...


...men på Løfsøya har dei forstått det - kurong er tingen! :D

2 kommentarer:

Per Oddvin Stornes sa...

Nei, soenst det e greit slik det som det ej. Hekje du heller nakke sladder aa kome me da? Nakken nye par?

Anonym sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.