28 juni 2007

Oppturar og nedturar

Den siste veka har vore ei veldig variert veke. Stort sett har det vore veldig bra, som for eksempel då vi feira Godøy-besta sin 75-årsdag på fredag. Full bedehuskjellar med familie og slekt er alltid veldig kjekt, spesielt når det er koldtbord med mykje god mat. Og forsyne meg klarte eg å snike til meg eit bilde med sjølvaste jubilanten og greier!

I tillegg har det vore mange andre oppturar - som jonsokfeiring, grilling, Svisj-UNO, Pride & Prejudice, smoothie og ostekake. Og så er eg endeleg knallgod i Pro Evolution Soccer igjen!

Likevel var alt anna ganske så uviktig då beskjeden kom sist torsdag om at Jetmund var død, berre 31 år gammal. Og i gravferda onsdag var det grusomt å sjå "tante" Erna og "onkel" Lallen ta farvel med yngstesonen sin. Men forhåpentlegvis får dei møte han att ein dag. Det er det vi kan trøyste oss med når nokon som er nær og kjær går vekk, at livet her på jorda er berre oppvarminga. Om vi tar imot Jesus - enten vi føler at vi klarer å tru eller ikkje - så har han opna opp vegen til eit evig liv heime hjå Gud.

Eg er oppstoda og livet. Den som trur på meg, skal leva om han så døyr.
(Joh 11:25-26)

Så kan vi likevel glede oss over alle dei gode tinga her i livet, sjølv om vi skulle få oss ein trøkk i trynet innimellom. Og så kan du hugse på kor viktig det er å planlegge som om du skulle leve her på jorda for alltid - samtidig som du lever kvar dag som om det skulle vere din siste. Berre Gud veit korleis morgondagen blir...men forhåpentligvis blir det ein fin dag :)

Ingen kommentarer: