08 juni 2007

Heia Sykkylven!

Om nokon skulle vere i tvil: Det er i Sykkylven det skjer for tida!

Torsdag var eg, Anne, Kjetil og AG på Orreneset, der vi hadde teamsamling med mellom anna brannøving. Eg fekk endeleg prøve meg med ein ekte brannslange, noko eg sjølvsagt klarte til 20 i stil!

Tysdag var det avslutning for barne- og ungdomsnemnda til Sunnmøre Indremisjon. Vi såg litt på Sykkylven bedehus, der det skal vere krinsårsmøte 15.-17. juni.


Og så grilla vi utanfor. Elling og Lakris viste seg som ekte mannfolk og tok seg av grillinga på ein ekte eingongsgrill - sponsored by underteikna. Eg stilte med grill, dei grilla. Grei deal!


Jeanette og Gunhild dekka på bordet og såg ut til å kose seg ute i den varme og herlege sunnmørssola. Det løner seg å involvere seg i misjonsarbeid :)


Kjetil var - som vanleg - referent på BUN-møtet. Og ein ekte referent i 2007 har med seg datamaskina, enten han er inne eller ute!

Laurdag og søndag skal eg forresten på minileir. På Orreneset, sjølvsagt. Og forhåpentlegvis klarer eg snart å kome meg med "Rauma" i opningstida til kafeen ombord, møkkaferja "Ivar Aasen" er berre rett og slett meiningslaus. Gje meg ei svele!

1 kommentar:

GUNHILD sa...

for et fint dekka bord!
ser jo ut som vi berre he lempa alt oppå uten å ha gjort nokke meir me de:P jaja,mat vart de no allikavel;)
sikkert den varme sola som gjor oss so sløve:P