12 juni 2007

Livet er herleg!

Å vere leirsjef på minileir med 45 ungar frå 6-10 år var slitsomt, men utruleg gøy. Og så fekk eg både ta på meg ein parykk med mange fargar og ete pølse med brød!

For ikkje å nemne at eg endeleg fekk svele på ferga! Ti poeng til MRF!

Tysdag åt eg og mamma middag på Lyspunktet, beste kafeen i Ålesund. Tacoen der er berre heilt fantastisk, tusen takk til mudern som spanderte på meg - sjølv om eg jobbar på samme kontoret og plagar henne opptil fleire dagar i veka...

For å trimme vekk all den gode maten, tok eg meg ein tretimars spasertur på Godøya. I pøsregn. Så no verkar det det i heile skrotten, men på ein herleg måte :)

3 kommentarer:

Anonym sa...

Hei!
He du vore på ein 3 timars spasertur? utruleg.....no e du flinke! Neste gong må du hente Moderen, ho treng litt trimming ho òg. :) klem frå meg

Ruben Elias Austnes sa...

Åååh! Ej missunna denna maten der ass! Skulle ha gjort masse sykt får å fått den!!! Den e so go! Enig me dej Nils Ove; Lyspunktet e den beste kafèn i Ålesund! FAktisk best i verden! Ta dej en bolle, Hard Rock! Hah :D

Anonym sa...

Hei, Hei..det rykteast at du ikkje lenger gjeng åleine........

Ja, det sånn d bli...skal teste tacoen på Lyspunktet på tirsdag...he ferie ei veke til