Naboen
Arne Tunheim - no også som YouTube-kjendis!
Den halvseriøse bloggen til Nils-Ove Støbakk
Plutseleg er sommaren over, er det muleg? Ein stort sett flott 2011-sommar, med Skjærgårds, Lyngdal, Tivoli, Liseberg og UL. Dessvere altfor lite grilling og endå mindre trimming, så det må bli to av måla for sommaren 2012.
No er det haust. Hausten 2011. Hausten då Nils-Ove Støbakk skal tilbake på skulebenken, etter seks år som arbeidstakar på heiltid. Tysdag 16. august skal eg for første gong til Volda, dit eg skal pendle to-tre dagar i veka framover. Musikkstudent på deltid, kan det gå bra? Stå opp tidleg og pendle. Galskap. Men forhåpentlegvis kjekk og lærerik galskap.
Og så skal eg flytte. Frå Godøya. Til Valderøya. Frå Leif og Solveig sin kjellar til Gunnar og Solveig sitt anneks. Tømmerveggar, grastak og god stemning.
Meir informasjon kjem i første halvdel av september!
Tidlegare har eg vore skeptisk til touchtelefonar, men etter at eg kjøpte X10 Mini tidlegare i haust har eg fått meir og meir sansen for touch. Og sjølv om iPhone og iPad er altfor dyre til at eg vil kjøpe sjølv, hadde eg ikkje sagt nei takk om eg hadde fått ein (eller to).
Telefonen min er dessverre litt for treig til at eg kan bruke den live, sjølv om eg har installert fleire artige musikkprogram. Men har du eit Apple-produkt eller andre kjappare telefonar/lesebrett, BØR du hive innpå artige instrument og følgje eksempelet til karane i North Point Community Church. Eller berre sjå videoen og nyte litt god underhaldning :)
Då er Pit-Stop 2010 i gang på Emblem bedehus. Og filmteamet er så klart på nett med taleopptak, allereie få timar etter at arrangementet starta! I løpet av dei tre første åra (2007-2009) fekk vi ut til sammen éin film, så det er definitivt snakk om ein oppadgåande trend.
Gøy å leike seg med litt fleirkameraproduksjon innimellom, forhåpentlegvis skal vi få lagt ut fleire filmar frå Pit-Stop etter kvart. Men inntil vidare kan du i alle fall få med deg Torgeir Nygård sin fredags-tale!
Då er sesongoppsummeringa for sjuarlaget til Godøy ferdig. For min del ser det veldig bra ut i år, med heile TRE mål! Alle tre kom sjølvsagt på Godøy gras, først eitt mot Brattvåg, så to mot Skodje. Slikt gjer godt for sjølvtilliten til ein avdanka og stilleståande spiss/back.
Heile oppsummeringa, med fullstendig toppscorarliste og mykje anna snadder, finn du på denne sida på godoyil.no!
Men no er fotballsesongen 2010 ferdig, etter to år som spelande oppmann kjenner eg at det er på tide å legge opp igjen. Neste år blir eg 30, då får eg nøye meg med litt trening innimellom. Organisert fotball blir fort litt for mykje stress for ein som allereie har altfor mange oppgåver, både på fritida og i jobbsamanheng...
Eg har forresten eit vikariat i nyhetsredaksjonen til Sunnmørsposten, fram til jul, om nokon skulle lure på kva eg jobbar med for tida. Så får vi sjå kva som skjer etter nyttår. Kanskje ein snartur til Ukraina? Tannlegebesøk i Polen? Ski-VM i Oslo? Eller noko heilt anna? Spennande å sjå :)