18 juli 2007

Sommar på Sørlandet

Så er myta motbevist ein gong for alle - det er faktisk ikkje alltid sol og fint ver på Sørlandet om sommaren. Sjølv ikkje i Lyngdal!

Men humøret er likevel på topp på bibelcampen. Berre sjå på leirsjef Kenneth Foss, som har lært at det er viktig å kle seg etter veret :)

Tysdag fekk eg i oppdrag å gå ei runde på området og ta bilde av campen og folka. Paraplyen overlevde ikkje så veldig lenge i regn og sterk vind, men det var i alle fall gøy å vandre litt omkring og sjå på alle dei store sølepyttane og folk som rusla omkring i støvlar og shorts.

Og både eg og kameraet toler litt vatn, vi er jo sunnmøringar!

Fullt så kjekt var det ikkje då eg kom inn på rommet mitt tidlegare på dagen og oppdaga at eg hadde fått "svømmebasseng" på golvet. Takvindauget mitt stod nemleg så vidt på gløtt, men hadde opna seg gradvis meir og meir utover dagen og dermed blei det ganske så vått. Sånn cirka ti liter vatn måtte eg tørke opp, i tillegg til at halvparten av kleda mine var søkkvåte og måtte henge til tørk over natta...

1 kommentar:

Anne Grete Hagerup Alfsvåg sa...

Ej må no sei at campen vekker gode minner. Der he ej jobba nokken år. Men vi hadde aldri såååå masse regn. Men der var regn av og til. Håper du tørkar opp! Helsing AG med enda større mage enn sist...