27 oktober 2009

Sør-Amerika 2009

Då er eg på Gardermoen, første stoppestaden på den fantastiske "Gutta boys på nye eventyr"-ekspedisjonen! Eg, Kay Amund og Lidvar skal dei neste tre vekene vimse omkring i Brasil og Peru, forhåpentligvis skal eg få oppdatert bloggen litt undervegs så mamma og alle andre nysgjerrige veit kvar vi er og kva vi gjer på.

Eg kan i alle fall starte med å legge ut ei grovskisse av turplanen vår.

SOROCABA: Onsdag 28. oktober - avreise Gardermoen, via Paris til São Paulo. Der blir vi henta av Tais, som Kay Amund gjekk på Hald attmed. Så reiser vi til Sorocaba, der vi skal vere eit par dagar.

CURITIBA: Fredag 30. oktober set vi oss på bussen frå Sorocaba til Curitiba. Der skal vi vere til måndag, på programmet står mellom anna bryllaup!

SÃO PAULO: Måndag 2. november flyg vi frå Curitiba til São Paulo, dermed får vi ein ettermiddag til å sjå oss litt om i millionbyen ute ved kysten.

LIMA: Tysdag 3. november flyg vi over grensa til Peru, der vi skal plage Stine i nokre dagar. Ho jobbar i hovudstaden Lima, ein ganske liten by med sju-åtte millionar innbyggjarar.

IQUITOS: Fredag 6. november flyg vi nordaust til Iquitos, midt inne i Amazonas-jungelen. Der skal vi mellom anna på overnattingstur i jungelen! Dette blir nok dei varmaste dagane på turen vår, med tropevarme og malariatablettar på menyen.

CUSCO: Måndag 9. november skiftar vi ut shorts og t-skjorte med langbukse og jakke. Då skal vi opp i høgda, til den tidlegare inkahovudstaden Cusco. Forhåpentlegvis skal vi unngå høgdesjuke, sjølv om byen ligg rundt 3.300 meter over havet...

MACHU PICCHU: Onsdag 11. november skal vi etter planen besøke turistmål numero uno i Peru. Den gamle inkabyen Machu Picchu er verdskjend og gler seg til å få besøk av tre sunnmøringar!

LIMA: Torsdag 12. november reiser vi tilbake til Lima, der vi nok ein gong skal plage Stine i nokre dagar før vi reiser heim til Norge.

NORWAY: Måndag 16. november er vi kanskje tilbake på Gardermoen. Om ikkje vi skulle få malaria, høgdesjuke, svineinfluensa eller finne på å gifte oss ute i jungelen.

Følg med for fleire oppdateringar - SUPERNILS er ute på tur!

2 kommentarer:

Kay Amund sa...

God tur :)

Anonym sa...

Mamma her! Kjekt at du vil oppdatere bloggen for då får vi følge med på nesten alt du gjer! Ønsker dokke god tur og kos dokke! Klem