10 mai 2010

Groundhopping på Sunnmøre

Livet som frilansjournalist er variabelt. Nokre dagar er det mykje å gjere, andre dagar er det lite å gjere. Nokre dagar burde eg ha gjort mykje, men får gjort lite. Men det er i alle fall mykje fotball på timeplanen for tida:

  • Torsdag 6. mai: Vigra-Ørsta på Rota gras (4. divisjon, Øy-Blikk)

  • Fredag 7. mai: Godøy-Herd på Godøy gras (3. divisjon, Øy-Blikk og Sunnmørsposten)

  • Søndag 9. mai: AaFK-Odd på Color Line Stadion (eliteserien, ANB)

  • Tysdag 11. mai: Norborg-Godøy på Uggedal kunstgras (sjuarkamp, må spele litt sjølv også!)

  • Torsdag 13. mai: Volda-AaFK på Volda kunstgras (cupkamp, ANB)

  • Fredag 14. mai: Valder-Godøy på Valdervoll kunstgras (3. divisjon, Øy-Blikk)

  • Søndag 16. mai: Giske-Stranda 2 på Giskebana gras (5. divisjon, Øy-Blikk)

    Sju sunnmørske baner på elleve dagar - nokon betre? Eg kunne sett Giske-HaNo onsdag 12. mai også, men sidan eg skal på Giske 16. mai, vurderer eg å ta fotballfri på onsdagskvelden. Eller var det då Fulham skulle spele finale i Europa League?

    Med fotballtrening begge laurdagane vert det då berre fotballfri i dag - måndag 10. mai 2010. Og kva gjer eg no? Skriv om fotball. Men eg er ikkje fotballidiot, berre idiot :)

  • 2 kommentarer:

    Kjetil Fyllingen sa...

    Du må jo tjene pengar som gras... ;-)

    Får du betalt pr mål forresten?

    Nils-Ove Støbakk sa...

    Får gras som betaling...

    Og heldigvis ikkje lønn per mål, ellers hadde det blitt lite innbringende med 0-1 på Vigra :P