Back to school
Plutseleg er sommaren over, er det muleg? Ein stort sett flott 2011-sommar, med Skjærgårds, Lyngdal, Tivoli, Liseberg og UL. Dessvere altfor lite grilling og endå mindre trimming, så det må bli to av måla for sommaren 2012.
No er det haust. Hausten 2011. Hausten då Nils-Ove Støbakk skal tilbake på skulebenken, etter seks år som arbeidstakar på heiltid. Tysdag 16. august skal eg for første gong til Volda, dit eg skal pendle to-tre dagar i veka framover. Musikkstudent på deltid, kan det gå bra? Stå opp tidleg og pendle. Galskap. Men forhåpentlegvis kjekk og lærerik galskap.
Og så skal eg flytte. Frå Godøya. Til Valderøya. Frå Leif og Solveig sin kjellar til Gunnar og Solveig sitt anneks. Tømmerveggar, grastak og god stemning.
Meir informasjon kjem i første halvdel av september!
2 kommentarer:
Det blir sikkert kjekt det! Eg skal snart tilbake til skulen eg også, men då på andre sida av kateteret...
Lukke til!
Bra at nokon er litt meir seriøse og tar seg av undervisninga. Så får vi sjå kva eg finn på på sikt :)
Legg inn en kommentar