06 mai 2010
27 april 2010
Den store dugnadsdagen
Laurdag 24. april var visst den store dugnadsdagen på Godøya våren 2010. Sjølv starta eg dagen med å trakke/planere idiotiske hjulspor på grasbana til Godøy IL.
Forhåpentlegvis skal bana vere sånn passeleg flat til dei første heimekampane neste veke...
På bedehuset var det vaskedugnad, eg skal ikkje skryte på meg å ha gjort så veldig mykje der. Men eg tok i alle fall av meg dei moldete skoa då eg skulle inn med litt musikkutstyr, så det vart i alle fall ikkje skitnare etter mine tre minutt innom den dugnaden!
Så var det den o store Støbakk-dugnaden, med Christian og diverse onklar i hovudrollene. Eg fekk også leika litt bygningsmann i eit par timar, med vatring og blyantstreking som min store spesialitet, i tillegg til å vere ein glimrande plankehaldar i sagavdelinga.
20 april 2010
15 april 2010
Ikkje alle kan vinne...
Må berre legge ut ein filmsnutt Kay Amund anbefalte. Nokre gonger kan det vere lurast å berre bite tennene saman og gjere det beste ut av situasjonen...hehe :)
30 mars 2010
God påske!
Nemi har forstått det...eller i alle fall nesten!
(trykk på bildet for større versjon før du les vidare...)
Heldigvis er det ikkje heilt feil med hyttetur, skiturar og frysing på fjellet - men det er Jesus som er det viktigaste i påska. Det er han vi bør feire, det er han som gjer at vi burde vere glade. Og takknemlege.
"Men han vart såra for våre brot, knust for våre synder. Straffa låg på han, så vi skulle ha fred, og ved hans sår har vi fått lækjedom."
(Jesaja 53:5)
Takk til Jesus. Og litt til Nemi også, for ei viktig påminning i starten av høgtida :)
Nils-Ove sine beste tips til ei god påske:
1. Nattverdsmøte på Godøy bedehus, skjærtorsdag klokka 19.30.
2. Påskemøte i Ålesund bedehus. Spesielt langfredag, då går det rykte om at nokre flotte folk frå Godøya skal spele og synge.
3. Påskefrukost 11.00 og møte 12.00 på Godøy bedehus 1. påskedag. Eg skal feire i fengselet, men alle andre bør stikke på påskefrukostfestivalen!
4. Johannes-evangeliet kapittel 20.
03 mars 2010
Tour de Kebab
I slutten av februar 2010 fann Nils-Ove Støbakk ut at det var på tide med litt kebab. Dermed gjekk turen til Oslo for å plage kjentfolk og liknande.
Med god hjelp frå ein flott mobiltelefon, vart det meste av turen (minus Ikea-shopping og kjendisstatus på Golden Goal-innspeling) dokumentert og lagt ut på Facebook.
Trykk her for å sjå alle dei fantastiske bilda frå ein passe sløv og mettande tur til Oslo og omegn.
17 februar 2010
Still In Control
Då har eg akkurat sett Norge tape 8-0 mot Canada i ishockey, tidlegare i kveld vart det fiasko i både skiskyting og boardercross. Går det mot nok ein OL-fiasko for Norge? Skal det bli null gull, som i Calgary i 1988? Kan svenskane ydmyke oss meir og meir, dag for dag?
For å vere heilt ærleg, klarer eg ikkje hisse meg så veldig opp over skuffande idrettsprestasjonar. Livet går vidare, heldigvis er det mange viktigare ting enn OL - sjølv om det innimellom kan vere både sosialt og god underhaldning.
Det er (dessverre) mange større problem her i verda enn manglande OL-gull. Jordskjelv, krig, togulykker, personlege problem i mange ulike kategoriar. Då er det godt å minne kvarandre på det som Kirk Franklin syng i "Still (In Control)":
He's still in control
He's soverign and He knows
Just how it feels to be afraid
Have folk you love walk away
Be still and know He's still in control
Enten livet er på topp eller heilt på trynet, så er Gud den same. Dag eller natt, aldri forlatt!
Så får vi sjå om vert OL-gull på sikt, for min eigen del er konsert og fotballtrening førsteprioritet onsdag kveld, så kan eg heller vurdere TV-kveld torsdag. Fredag til søndag er det skiweekend på Bjorli med Godøy Ungdomskor, før eg stikk til Oslo nokre dagar for å ete kebab, kjøpe ei hylle på Ikea og treffe kjekke folk :)
15 februar 2010
Ei tid for alt...
Då er FC Kørv historie, etter 5 1/2 år som det beste Alnes-inspirerte laget i managerspelet Hattrick.
---
Fra: no-reply@hattrick.org [mailto:no-reply@hattrick.org]
Sendt: 15. februar 2010 01:02
Emne: Hattrick - Your account is deleted
Your team has been deleted.
A while ago you were warned that your team in Hattrick had been inactive for too long. Since you still haven't logged in, the team has now been deleted. We've done this because we want to make room for people who really want to play Hattrick.
Anyway, we hope that you had some fun while it lasted! Maybe we'll see each other again sometime.
Best regards,
The Hattrick Team
http://www.hattrick.org
10 februar 2010
26 januar 2010
Godt nyttår!
Betre seint enn aldri, eller...?
Eg har eigentleg hatt veldig god til å blogge no i januar, men eg har rett og slett gjort såpass lite at eg ikkje har hatt noko å blogge om. Roleg nyttårsferie, med nokre få arbeidsdagar innimellom og mykje sløving. Pluss fotballtrening ein gong eller to i veka, denne sesongen vert det sjuarfotball på B-gjengen.
Men LITT har jo skjedd sidan sist. 2009 vart avslutta med ein heidundrandes IUF-fest og nyttårslovsangsfest, før Godøy og Alnes IUF sparka i gong det nye året med ungdomskveld 9. januar. Slengjer med nokre bildegallerilenkjer, så alle kan sjå kor kjekt vi har det!
Laurdag 16. januar hadde eg ein fantastisk arbeidsdag for Sunnmørsposten. Då var eg på Ørskogfjellet, der eg testa både airboard og stemninga i langrennsløypene. Kvit vinter på Sunnmøre må vere noko av det beste i heile verda!
Og snart skal eg få endå meir vintermoro. Til helga (29.-31. januar) er det Treff Et Tre på Orreneset og Strandafjellet. Vi blir ein heil bøling frå Godøya som skal innover, forhåpentlegvis kjem det nokre frå andre plassar også :)
Elles har eg vore pianist på fengselsgudsteneste, vitne- og lovsangsmøte, andakt på aldersheimen, korøving kvar mandag, barnemøte og Vestborg-møte. Og laga litt filmmusikk. Så omtrent sånn der har du januar 2010 for min del. Ein roleg start på det nye året, med mykje moro og lite arbeid. Så blir det kanskje litt annleis i februar? Eller ikkje...eg skal i alle fall på Bjorli på koret sin årlege skiweekend, i tillegg til nokre dagar i Oslo og ein snartur til Kongsberg.
Snakkes plutselig!