12 august 2010

Summer goes by...

Og så var sommaren over for i år. Eller i alle fall sommarferien. Så får vi sjå kva slags jobb eg endar opp med denne hausten...

Sommaren 2010 starta med tur til USA for min del. Etter å ha vore i Los Angeles og Las Vegas, gjekk turen til Arizona. Der sa Eirik og Coral både "Ja" og "I do", dermed vart dei lykkeleg gifte. Ikkje verst.

Etter USA-turen var eg heime i ei veke, før eg stakk til Lyngdal attmed Godøy Ungdomskor. Der var vi campkor på Ungdomscampen og stilte også med lovsangsteam på møta. Ein herleg tur med ein fantastisk gjeng, Lyngdal kan absolutt anbefalast!

Så var eg heime og tok livet med ro i vel tre veker, før eg sette meg på flyet og reiste til UL i Kongeparken. Å vere møteleiar med 1500 folk i salen på føremiddagen var ei ny oppleving for ein morgontrøtt slask, men UL var absolutt positivt på alle måtar! Veldig gøy å sjå alt som foregår bak scena og alt arbeidet som ligg bak dette kjempearrangementet. Gjekk du glipp av noko, kan du sjå alle talane på iTro.

No ser eg fram til ein innhaldsrik og spennande haust, med fotball, kor, ungdomsarbeid, 60-årsfeiring, Pit-Stop og mykje, mykje meir!

17 juni 2010

Sjuk berg- og dalbane



Tysdag kveld testa eg og Jonas ut "New York New York Roller Coaster", berg- og dalbana til hotellet New York New York i Las Vegas. Vi fekk dessverre ikkje ha med oss kamera på turen, men det var omtrent like sjukt som du ser på videoen over. Berre at med oss var det kveld, altså mørk himmel over oss og milliardar av blinkande lyspærer under oss. Og bilar i gatene. Og to hylande sunnmøringar som absolutt ikkje angra på "investeringa" til $14.

Som Jorunn Stiansen ville sagt det: SINNSSJUKT BRA!

14 juni 2010

Begravelsesstemning

Søndag kveld skulle eg og Jonas eigentleg til ei gospelkyrkje med ein pastor som heiter Michael E. Jackson. Sjølv om vi faktisk klarte å finne fram til rett adresse, var det ingenting som skjedde der - så då stakk vi heller innom ei anna kyrkje i same gata. Vi trudde at det var ein heilt vanleg søndagskveld - men så viste det seg at vi faktisk rota oss borti ei minnegudsteneste!

Mora til pastoren døydde for ikkje så lenge sidan og vart gravlagd i North Carolina. Men sidan ho var aktiv i Word of Life Christian Center, arrangerte dei ei minnegudsteneste til ære for "Miss Lannie". Og her var det ikkje snakk om sørgjesong! Denne søndagskvelden var ein festkveld til minne om den nesten 93-årige og tydelegvis veldig frimodige dama, som vi fekk møte så vidt gjennom eit vitnesbyrd på video. Lannie vart kristen som 14-åring og hadde visst gjort inntrykk på alle ho traff på gjennom sitt lange og innhaldsrike liv.

Eg og Jonas var tydeligvis på feil plass til rett tid, for dette vart litt av ein kveld. Humor, vitnesbyrd, ei solid preike og rungande salmesong vart avrunda med invitasjon til forbønn og mildt sagt god stemning. Du kan jo sjå sjølv:

13 juni 2010

Skating og Skjong

Då har vi vore i USA i over ei veke. Kanskje på tide å oppdatere bloggen litt?

Dårleg med fotografering for min del hittil, har berre blitt ein dag med kamera på Venice Boardwalk og nokre potensielle reisereportasjar her og der. Skal slenge ut meir på sikt, men har i alle fall eit par videosnuttar filma med den fantastiske mobiltelefonen min!

På Venice Skatepark kom eg over ein pjokk på seks-sju år som var minst like god på brettet som alle andre der - sjølv om dei fleste andre var rundt 20 år og dobbelt så høge som Asher Bradshaw, som guten visstnok heiter. Her kan du sjå ein YouTube-video med stortalentet. Den neste Tony Hawk? Min video er ikkje akkurat HD-kvalitet, men beviser i alle fall at eg var der og såg Asher i aksjon...



Den andre videoen min er eit journalistisk mesterverk. No er vi i Las Vegas, laurdag kveld tok vi leigebilen og råna ein tur til The Strip, hovudgata i Vegas. Der fekk eg eit eksklusivt intervju med sjølvaste Stig Kjetil Flem og Jonas Roald Nordstrand!



For fleire bilde og hyppigare oppdatering frå USA-turen, sjå Kristine sin blogg.

27 mai 2010

USA, here I come!

Då er det snart tid for avreise! 4.-24. juni fyk eg faktisk til USA, for å vimse litt omkring på vestkysten og ørkenstatane.

Via Oslo og München flyg vi til Los Angeles, der vi (Nils-Ove, Stig, Jeanette, Martin, Kristine) skal leige eit hus vel ei vekes tid. Detaljane får vi ta etter kvart, men for min del er i alle fall ein tur innom West Angeles Church of God in Christ obligatorisk. Åtte år sidan sist, men gode minne frå søsne gospelbestemødre på første rad forsvinn aldri. Kanskje klarer eg også å få tak i nokre sunnmørske Hollywood-fruer som eg kan intervjue?

Etter kvart kjem Jonas snikande frå Brasil, så leiger heile gjengen ein feit bil og rånar inn i ørkenen. Med litt flaks skal vi finne fram til Las Vegas, byen med billige hotell og pengeslukande casino. Forhåpentlegvis er det meir å finne på der enn gambling, eting og å gifte seg.

Frå Vegas går bilturen sørover mot Phoenix i Arizona. På vegen stikk vi kanskje innom Hoover Dam og Grand Canyon, men det er i alle fall i området rundt Phoenix at vi skal ende opp til slutt. Her skal nemleg Eirik og Coral seie ja til kvarandre og eg skal ta bilde av at dei kliner.

Vermeldingane er forresten ikkje spesielt positive. Heldigvis er det ganske kjølig i LA, med 22-28 grader i vente framover. Men i Las Vegas varierer dei daglege makstemperaturane frå 27 til 40 for tida, og i Phoenix skal det visst vere 34-40 grader den komande veka...

Wish me good luck!

10 mai 2010

Groundhopping på Sunnmøre

Livet som frilansjournalist er variabelt. Nokre dagar er det mykje å gjere, andre dagar er det lite å gjere. Nokre dagar burde eg ha gjort mykje, men får gjort lite. Men det er i alle fall mykje fotball på timeplanen for tida:

  • Torsdag 6. mai: Vigra-Ørsta på Rota gras (4. divisjon, Øy-Blikk)

  • Fredag 7. mai: Godøy-Herd på Godøy gras (3. divisjon, Øy-Blikk og Sunnmørsposten)

  • Søndag 9. mai: AaFK-Odd på Color Line Stadion (eliteserien, ANB)

  • Tysdag 11. mai: Norborg-Godøy på Uggedal kunstgras (sjuarkamp, må spele litt sjølv også!)

  • Torsdag 13. mai: Volda-AaFK på Volda kunstgras (cupkamp, ANB)

  • Fredag 14. mai: Valder-Godøy på Valdervoll kunstgras (3. divisjon, Øy-Blikk)

  • Søndag 16. mai: Giske-Stranda 2 på Giskebana gras (5. divisjon, Øy-Blikk)

    Sju sunnmørske baner på elleve dagar - nokon betre? Eg kunne sett Giske-HaNo onsdag 12. mai også, men sidan eg skal på Giske 16. mai, vurderer eg å ta fotballfri på onsdagskvelden. Eller var det då Fulham skulle spele finale i Europa League?

    Med fotballtrening begge laurdagane vert det då berre fotballfri i dag - måndag 10. mai 2010. Og kva gjer eg no? Skriv om fotball. Men eg er ikkje fotballidiot, berre idiot :)

  • 27 april 2010

    Den store dugnadsdagen

    Laurdag 24. april var visst den store dugnadsdagen på Godøya våren 2010. Sjølv starta eg dagen med å trakke/planere idiotiske hjulspor på grasbana til Godøy IL.

    Forhåpentlegvis skal bana vere sånn passeleg flat til dei første heimekampane neste veke...

    På bedehuset var det vaskedugnad, eg skal ikkje skryte på meg å ha gjort så veldig mykje der. Men eg tok i alle fall av meg dei moldete skoa då eg skulle inn med litt musikkutstyr, så det vart i alle fall ikkje skitnare etter mine tre minutt innom den dugnaden!

    Så var det den o store Støbakk-dugnaden, med Christian og diverse onklar i hovudrollene. Eg fekk også leika litt bygningsmann i eit par timar, med vatring og blyantstreking som min store spesialitet, i tillegg til å vere ein glimrande plankehaldar i sagavdelinga.

    Pompel og Pilt - eller Nils Ottar og Christian, om du vil.

    Besta skal få ny hybel i kjellaren - omtrent slik skal inngangspartiet sjå ut. Ketil og Jan tok seg av arbeidet i høgda.

    Også Mats ville hjelpe til litt.

    Til og med barndomsheimen min er i endring. Mamma er i ferd med å fjerne tapeten på stua, snart skal ho ha seg nytt kjøkken og greier!

    "The white arch" - avskilta etter 26 års teneste...