19 november 2007

Leir og fotball

I helga var eg på leir på Orreneset. Slitsamt, men gøy. For fleire detaljar, sjå bloggen til Cecilie, som debuterte som profesjonell leirleiar!

Den komande helga skal eg både halde andakt og spele sjølv under KRIK Fotballcup i Ålesund. Kondisen er like elendig som alltid, heldigvis fekk eg opp sjølvtilliten med storspel på Orreneset i helga - og så har eg fleire folk på laget som kan springe for meg...

Uansett - fotball er gøy, og til minne om Trond Kirkvaag oppfordrar eg alle til å sjå ein av mange herlege KLM-sketsjar - "Fotball for mygglag":

12 november 2007

Dansende papegøyer og talefeil

Kom over ei dansande papegøye her ein dag. Sjå og nyt!

Helga mi endte opp med mykje fotball (fotball i hallen, Premier League på TV, cupfinale på TV), film på storskjerm både her og der (lenge leve Mannsverk-kinoen og Gjøen-kinoen!) og litt farsdagfeiring før det heile vart runda av med brettspel og bibelgruppe. Ei maskulin og variert helg med andre ord, slettes ikkje verst!

Og så har eg funne ut at eg har hatt ein talefeil heile livet - som ingen har sagt frå om før no...der alle andre godøyingar seier "va" og "vakje", seier eg "vå" og "våkje". Som i "det våkje min feil", "det vå et sjukt bra mål" osv. Og det er til og med folk som har lagt merke til det, men aldri sagt noko til meg - før eg vart konfrontert med det og begynte å spørre folk kva dei seier. Sånn er livet...men eg har i alle fall rett, alle andre har feil :P

09 november 2007

Frihelg!

For første gong på lenge har eg fri i helga. Ikkje jobb, ikkje ungdomskveld på Godøya, ingen møte å spele piano på. I utgangspunktet veldig bra - men kva gjer folk vanlegvis i helgane? Kva gjer folk på fredagar og laurdagar?

For min del starta helga med fotball på hallen. Dum som eg er. Utrent, med dårlegare kondis enn nokon gong, møtte eg opp på Godøy A-lag si første innetrening for vinteren. Starta som keeper, vart sliten allereie før eg hadde bevegd meg ein meter og vart etter kvart dum nok til å spele ute også. Scora heldigvis eit par mål i starten, etter kvart enda eg opp som stilleståande og ekstremt ineffektiv spiss. Til alle som var på lag med meg: Unnskyld!

I skrivande stund ser eg på Idol. Har ikkje sett ei einaste episode i haust, så veit fint lite. Seinare på kvelden vurderer eg å stikke på fredagstreff på bedehuset - om eg får tak i bil. Min Mitsubishi med sommardekk er neppe lurt i kveld, med kvite vegar og minus i lufta...

Men kva skal eg finne på laurdagskvelden? Eg er veldig open for gode forslag, ta gjerne kontakt om du veit om noko eg burde få med meg. Eller går det an å berre sløve? På ein laurdag? Det blir spennande å sjå kva som skjer :)

05 november 2007

Oops...

Eg skal ikkje nemne namn, men partneren min under Pro-turneringa på Godøy-bedehuset var ikkje heilt glad etter at vi tapte finalen 3-2 laurdag.

"Ørjan" lurte heile forsvaret til "vigringane", runda keeper og skulle berre rette seg opp før han plasserte ballen i mål. Plutseleg var ballen på tribunetaket og kampen var over...omtrent som med Pondus (klikk på bildet for større versjon).

Med andre ord vart det andreplass på oss i turneringa, men eg kan likevel seie at eg er best på Godøya i Pro Evolution Soccer 6. Så får vi heller ta vigringane neste gong.

Elles i helga har eg vore på fredagskafé på Ellingsøya, basar på Gamlem, ungdomskveld på Godøya og storsamling på Godøya. Full fart, mykje moro, mykje kjekke folk. No blir det litt rolegare den komande veka - til helga skal eg til og med ha fri! (Kva er det for noko???)

16.-18. november er det forresten Ten-Treff på Orreneset. For deg som går i 8.-10. klasse. Stikk innom Ung Misjon sine leir-sider for meir informasjon og meld deg gjerne på! :)

01 november 2007

Sjuke japanarar...

Eg har sagt det før, eg seier det igjen - heia Japan!

29 oktober 2007

The Fast & the Flåklypa

Coming soon - to a theatre near you!

28 oktober 2007

Tøffare enn toget

Er det ein fugl?

Er det ein fisk?

Er det ein hund som kavar omkring ute på vatnet?

Nei, det er SuperNils, ute på årets siste (?) svømmetur utandørs.

For kva gjer du som leiar på leir når du klarer å skyte fotballen på vatnet, og alternativa er å enten låse ut ein kano eller hoppe uti?

Sjølvsagt valde eg det siste alternativet, tøff som eg er! Sjølv om det eigentleg er forbudt å bade i Brusdalsvatnet.

Men eg bada ikkje, eg svømte...uansett, eg fekk henta ballen, kom meg tilbake igjen og overlevde. Og det var faktisk ikkje så kaldt som eg frykta, kanskje 8-9 grader eller noko slikt? Anbefalinga er i alle fall soleklar - hiv deg på sjøen! :)

27 oktober 2007

Fotball og slikt

Torsdag fann eg ut nok ein grunn til at eg aldri vart ein god fotballspelar. Eg gir nemleg blaffen i laget mitt, berre eg gjer det bra sjølv...

Eg var på Student-KRIK på Høgskulen i Ålesund for første gong - men definitivt ikkje siste. Og eg scora mål. Faktisk opptil fleire. I fotball. Og då fann eg faktisk ut at eg vart meir glad om laget mitt tapte 5-1 og eg scora eit perlemål (eventuelt flaksemål for nøytrale observatørar) enn om vi vann 3-0 og eg ikkje scora. Sjukt og egoistisk, men slik er eg altså. Fotball er gøy, spesielt når eg scorar mål!

Eg trur ikkje eg jubla like vilt som Pondus på bildet eg har lagt ut (klikk på bildet for større versjon), men det gjorde eg definitivt under Førjulsturneringa i fjor. Gutteklassa i turneringa er allereie full no, det tok berre litt over ei veke å få 32 påmeldte lag. Så gøy er det å spele innefotball! Og no er det under to månader til Førjulsturneringa! Eg gler meg :D

Denne helga er eg forresten leiar på Haustleir på Brusdalsheimen. 26 deltakarar og ni leiarar er samla for å kose oss, herje og høyre om Jesus. Herleg, eller kva? Helga starta bra for min del, med knusande siger i "pappkasseleiken". Autografskriving på ungdomskveld på Godøya neste laurdag...

Og sist helg var det Pit Stop, ja. 70 bilde frå den store helga ligg ute på ungmisjon.no, klikk deg vidare for lekre bilde av for eksempel lovsongsteamet frå Godøya.

Pianisten ser ganske merkeleg og ekstremt konsentrert ut på bildet til høgre, men rykta vil ha det til at også han hadde det kjekt.

22 oktober 2007

Stressa?

Dei fleste får stadig dårlegare og dårlegare tid. Talet på timar i døgnet minkar stadig vekk, fleire ting skal gjerast og vips - du er stressa. Welcome to Planet Earth 2007!

Er vi flinke nok til å klare å sette oss ned innimellom, tenkje gjennom saker og ting og prøve å sette oss inn i andre sin situasjon? Svaret blir altfor ofte nei, men kanskje kan vi alle bli flinkare? Og kanskje kan eg prøve å ikkje vere så sint på alle treige bilistar som forsinkar meg i trafikken når eg allereie er seint ute...

18 oktober 2007

Ich bin ordförer!

Eg fekk meg ei aldri så lita overrasking då eg las Sunnmørsposten onsdag. Dei fleste hadde nok rekna med at Knut Støbakk vart gjenvald som ordførar, men plutseleg var det Nils Støbakk som fekk makta i Giske kommune.

Dei einaste som heiter Nils Støbakk er meg og onkelen min, Nils Ottar Støbakk. Så nå får vi krangle om makta i kommuna, men sidan eg faktisk vart oppringd av Sunnmørsposten for eit halvt år sidan då dei skulle ha tak i ordføraren...så reknar eg nesten med at det er meg det er snakk om?

Elles er det i Langevåg det skjer denne veka. Pit Stop startar fredag klokka 20, men for min del har det vore Pit Stop-arbeid heile veka. Som både lovsangsleder, teknisk ansvarleg og pressekontakt er det nok å henge fingrane i, men det meste ser ut til å vere under kontroll no.

Har du andre planar for helga? Gløym det! Kom til Langevåg bedehus og bli med på solide møter, spennande undervisning, interessante verkstad/seminar og konsert med Rudi Myntevik. Vi snakkast! :)