27 oktober 2007

Fotball og slikt

Torsdag fann eg ut nok ein grunn til at eg aldri vart ein god fotballspelar. Eg gir nemleg blaffen i laget mitt, berre eg gjer det bra sjølv...

Eg var på Student-KRIK på Høgskulen i Ålesund for første gong - men definitivt ikkje siste. Og eg scora mål. Faktisk opptil fleire. I fotball. Og då fann eg faktisk ut at eg vart meir glad om laget mitt tapte 5-1 og eg scora eit perlemål (eventuelt flaksemål for nøytrale observatørar) enn om vi vann 3-0 og eg ikkje scora. Sjukt og egoistisk, men slik er eg altså. Fotball er gøy, spesielt når eg scorar mål!

Eg trur ikkje eg jubla like vilt som Pondus på bildet eg har lagt ut (klikk på bildet for større versjon), men det gjorde eg definitivt under Førjulsturneringa i fjor. Gutteklassa i turneringa er allereie full no, det tok berre litt over ei veke å få 32 påmeldte lag. Så gøy er det å spele innefotball! Og no er det under to månader til Førjulsturneringa! Eg gler meg :D

Denne helga er eg forresten leiar på Haustleir på Brusdalsheimen. 26 deltakarar og ni leiarar er samla for å kose oss, herje og høyre om Jesus. Herleg, eller kva? Helga starta bra for min del, med knusande siger i "pappkasseleiken". Autografskriving på ungdomskveld på Godøya neste laurdag...

Og sist helg var det Pit Stop, ja. 70 bilde frå den store helga ligg ute på ungmisjon.no, klikk deg vidare for lekre bilde av for eksempel lovsongsteamet frå Godøya.

Pianisten ser ganske merkeleg og ekstremt konsentrert ut på bildet til høgre, men rykta vil ha det til at også han hadde det kjekt.

Ingen kommentarer: