28 oktober 2007

Tøffare enn toget

Er det ein fugl?

Er det ein fisk?

Er det ein hund som kavar omkring ute på vatnet?

Nei, det er SuperNils, ute på årets siste (?) svømmetur utandørs.

For kva gjer du som leiar på leir når du klarer å skyte fotballen på vatnet, og alternativa er å enten låse ut ein kano eller hoppe uti?

Sjølvsagt valde eg det siste alternativet, tøff som eg er! Sjølv om det eigentleg er forbudt å bade i Brusdalsvatnet.

Men eg bada ikkje, eg svømte...uansett, eg fekk henta ballen, kom meg tilbake igjen og overlevde. Og det var faktisk ikkje så kaldt som eg frykta, kanskje 8-9 grader eller noko slikt? Anbefalinga er i alle fall soleklar - hiv deg på sjøen! :)

2 kommentarer:

Sven Harald Nyvoll sa...

pøh, filmtriks!:D

Nils-Ove Støbakk sa...

Neinei...berre spør alle ålesunderane som må koke drikkevatnet resten av året. Berre et tidsspørsmål før Brusdalsvatnet bli svartelista pga altfor stor Nils-Ove-faktor i vatnet ;)