10 oktober 2007

Mr. Preacherman

Denne veka skal eg debutere som talar. Skikkeleg talar, altså - med fleire møte på rad og greier. Det er nemleg ungdomsveke på Valderøya, og utruleg nok så lurte dei på om eg ville ta meg ein tur. Noko eg tydelegvis sa ja til.

Torsdag og søndag klokka 20, fredag og laurdag klokka 21, det er dei magiske tidspunkta. Ta deg gjerne ein tur og kom med konstruktiv kritikk i etterkant. Og/eller ver med og be for meg, trur eg treng ganske mykje støtte frå "heimefronten" og han der oppe for å kome meg heilskinna gjennom dette her...

Neste veke er det også full fart. Då er det Pit Stop i Langevågen. Eg er både lovsongsleiar og har ansvaret for storskjermstyring/filming, så det er meir enn nok å halde styr på. Men det skal bli kjekt. Meld deg på og kom! Eller eventuelt berre kom, dette blir garantert ei helg som ingen bør gå glipp av!

Det blir med andre ord meir enn nok å henge fingrane i framover. Heldigvis har eg tatt det ganske med ro sidan Orrenesleikane, så forhåpentlegvis skal alt gå etter planen. Eller betre - som det ofte blir når du er på lag med den sterkaste :)

Ingen kommentarer: