13 april 2007

Geiping, geiping og Amanjeet

Dei siste dagane har vi vore i Auckland, med litt dårlegare ver enn vi har hatt hittil på turen. Shortsane er pakka ned i koffertane og skal ikkje brukast meir før vi kjem heim igjen til solfylte Sunnmøre. Om då bagasjen kjem fram, det kan bli spennande å sjå...

I bildegalleriet ligg det no ute ein del nye bilde frå den siste veka. Blant anna ei geipande kyr!

Måndag spelte vi golf, tysdag gjekk turen til den vulkanske byen Rotorua - der vi fekk sjå endå meir newzealandsk geiping.

Torsdag var det tid for å besøke Kelly Tarlton's Underwater World, eit akvarium i Auckland som vi besøkte for første gong i oktober 1990. Haiane såg mykje større ut då...

Mitt høgdepunkt denne veka var utvilsomt onsdag - då vi besøkte Amanjeet, ein gammal klassekamerat frå Te Kowhai. Han har vore far i berre fire månader og fekk mange gode tips frå meg - som tross alt har hatt katt heilt sidan juli/august!

Laurdag deler vi oss opp igjen. Stig-Johnny reiser til Melbourne for å gjere lekser, resten set kursen mot Godøya. Borte bra, men heime suverent best. Det har vore kjekt på tur, men no skal det bli godt å kome heim igjen :)

2 kommentarer:

Kay Amund sa...

Berre et lite spm:
Ken he couzins drakta mi? du eller andre?

Håpe heimreisa blir bra:)

Anonym sa...

håpe heimreisa blir litt mindre begivenhetsrik enn turen hin veien vart :) Kos dokke siste dagane :) Send ei meld om ankomsttid på vigra so stiller oss opp me bilen ...klem til alle sammen fra tanta i myra