05 april 2007

Roadtrip x2

Både onsdag og torsdag lånte vi bilen til Stig-Johnny og stakk på biltur. Pappa køyrde i starten, men etter kvart tok eg over kommandoen og råna omkring på australske vegar som om eg skulle ha køyrd på venstresida heile livet.

Automatgir er kjekt å ha...

Onsdag reiste vi sørover frå Melbourne, til ei øy som heiter Phillip Island. Mest kjend for pingvinane som kvar kveld ruslar over stranda og opp til hekkeplassane sine. Vi kjøpte billettar, sat ute og fraus i to timar og fekk sjå nokre små flokkar med minipingvinar som tusla seg sakte, men sikkert oppover stranda. Det var verken lov å filme eller ta bilde "fordi pingvinane kunne verte skremde", så vi kan dessverre ikkje dokumentere at vi var der. Men det var heilt åkei. Litt skuffande ut frå kva vi forventa, men heilt åkei. Og pappa fekk litt frisk sjøluft.

Torsdag gjekk turen austover, opp i "høglandet" nær Melbourne. Vi vurderte først å reise ein tur med eit gammalt lokomotiv, men såg prislista og fann ut at det var nok å ta bilde framføre toget attmed konduktøren og stasjonsmeisteren.

Så manøvrerte vi oss opp på Mount Dandenong (ca 633 m.o.h.), der vi hadde fin utsikt over Melbourne og områda rundt, før vi reiste tilbake til byen og plukka opp Stig-Johnny.

Han bladde opp i Yellow Pages og fann ein meksikansk restaurant der vi åt den siste middagen vår i Australia. Fredag flyg vi søraustover til New Zealand og Hamilton, byen der vi budde frå juli 1990 til mai 1991 og ei stund i 1993. Mamma har hatt kontakt med nokre av venninnene frå då, forhåpentlegvis klarer vi også å treffe på nokre av kompisane våre frå "gamle dager". Og så må vi nesten prøve å finne ein plass å vere med på gudsteneste/møte søndag, som faktisk er første påskedag!

God påske alle saman, nyt høgtida og hugs at påske handlar om mykje meir enn ski, snop og påskeharar. Jul er berre oppvarming, det er i desse dagar det viktigaste skjedde for om lag 1970 år sidan! :)

5 kommentarer:

Anonym sa...

d e berre so kjekt å lese ka dokke styra me der nede. d e litt rart å lese at på onsdag og torsdag VAR vi på....., vi ekje ferdig med torsdag enda her.men kos dokke fortsatt. mvh fru h

Marit sa...

Okey, d du sa mej om kameraet sa mej absolutt ingenting:)Men d hørtes veldi bra ut!! Hels gjengen, kos dokke masse!!! Her snøva d idag...tragisk!:)

Kai H sa...

Du e no bra effektiv me blogginga no Nils, so mykje action å likevel so mykje dokumentasjon, bra jobba!:)

Anonym sa...

Hei Nils.....hels til yndlingskusina mi....ho mamma...

Anonym sa...

Also de va frå mej...Jostein

He no vøre nej me na besten og næ besta..alt bra