02 april 2007

Lillebror, dyrehagen og slikt

Laurdag vart Stig-Johnny 24 år, søndag feira vi bursdagen på ein italiensk restaurant i Melbourne. Han og mamma runda av med kvar sin kopp med kaffi mocca, noko begge såg ut til å sette stor pris på.

Elles er det greitt å ha ein kjentmann i byen med bil. Brudern sin Daewoo Landos Sport 2000-modell med automatgir funkar fint i ein by med omtrent like mange bilar som folk. Søndag kveld tok vi ein biltur til Deakin University, den vesle skulen til S-J med berre litt over 32.000 studentar.

Måndag var vi i Melbourne Zoo, ein diger dyrehage med mange artige dyr og fuglar. Og til slutt runda vi av med taco i leiligheita vår på Hawthorn Gardens.

Kva skal vi så gjere dei neste dagane i Melbourne? Tja...time will show! :)

- Hillsong (4 bilde)
- Melbourne Zoo (13 bilde)

5 kommentarer:

Anonym sa...

Hei alle sammen!
Kjekt at du Nils-Ove gir oss desse oppdateringane slik at vi fær sjå korleis dokke har det, og det ser ut til at dokke har det kjempeflott. (Kunna godt tenkt meg å vore i lag med dokke)Og alle ser ut til å vere friske og kjekke, bank i bordet Janne :-)
Til Stig-Johnny:
Gratulere så mykje med dagen som var. Håper du har det bra. Stilig bil, forresten :-)
Kos dokke videre og klem til alle sammen frå tante Jofrid

Anonym sa...

Hei Jofrid!
Takk for helsing, som du ser he oss det berre bra her i Melbourn. Stig-Johnny har ikkje fått påskeferie endå, så på dagtid utforsker vi byen på eigahand.Du får gratulere Tommy med 34 års dagen 4.april og helse frå alle oss fem.
Helsing Janne & co

Anonym sa...

Vi savner dokke veldig her på kontoret! Kom trygt heim att igjen! Vi har kosa oss på leir og Marit, stakkar, måtte være på kontoret og hjemme. Akkurat som det er så veldig gøy... Vi gleder oss til videre oppdatering!

Hilsen fra kontoret

Marit sa...

Fytti so bra bilde!!Ka kamera he dù?

Nils-Ove Støbakk sa...

Ej he Canon EOS 20D med Sigma 18-50 2.8 vidvinkel og Sigma 70-200 2.8 telelinse, viss d sei dej nokke.

Brukte vel kun telelinsa i dyrehagen, so slapp ej å gå so fole nært dyra...du fær ønske dej te jul eller bjønde å spare ;)