03 april 2007

Stadion, shopping og sløving

I dag delte vi oss opp for første gong på turen. Eg og pappa hadde mest lyst til å sjå oss om på Melbourne Cricket Ground, dermed gjorde vi det. Og fekk 1 1/2 time med interessant omvisning på ein gigantstadion med plass til 100.000 tilskodarar!

Vanlegvis er det cricket og AFL (australsk fotball, sjuk blanding mellom fotball og rugby, fotball og mykje anna - med 18 spelarar på kvart lag) bana vert brukt til, men innimellom er det også rugby og "skikkeleg" fotball her. Og i 1959 hadde Billy Graham møteaksjon på fantastiske Melbourne Cricket Ground.

Damene stakk på shoppingtur, noko Margrethe sjølvsagt sette stor pris på. Ho kjøpte seg nye kjolar, ein genser, ei jakke, støvlettar, smykke, armband, øredobbar og eit sjal!

Og etterpå kunne ho slappe av på ein kafé og vere ganske fornøgd med dagen.

Mamma var mest fornøgd med å ta bilde av alle dei fine bygningane i Melbourne. Og etter nokre timar med rusling i bysentrum, var det godt å setje seg ned i sola og nyte det fine haustveret.

Så kom Stig-Johnny og henta oss med den råe, blåe bilen sin. Den stakkars studenten tok seg tid til ein souvlaki saman med familien, før han køyrde oss heim og returnerte til puggebøkene sine.

På føremiddagen og kvelden tok vi det forresten heilt med ro, for dei som måtte lure. Det er jo påskeferie! :)

4 kommentarer:

Anonym sa...

Hei! kjekt å sjå at dåkke har det bra. God påske til dåkke alle! Klem Cissi

Anonym sa...

Ser ut som om dåkke he d veldig fint Nils:)
Ej e opp i isen å fryse ej.. minus 15grader i dag:(
Måha en fortsatt fin tur:)

klem T-V:)

Per Oddvin Stornes sa...

Husvask og slike ting hekje ej gjort på over 6 mnd! So der trenge ej litt trening. E du uten strøm derimot og MÅ ha nakken klæ reine, kan du ringe...

Anonym sa...

God påske til alle dokke på reise, kjekt å fylle me på turen nils ove :) klem fra tante ingun