10 april 2007

New Zealand!

Då kjem endeleg ei ny oppdatering etter heile fire dagar utan internett! Kort oppsummert så har kveldane utan nettnørding vore omtrent slik:

Nils-Ove og Janne har lest ferdig kvar si bok, Stig-Johnny har veksla mellom skulearbeid og Starcraft, Margrethe har sett på Gilmore Girls på maskina si og Oddbjørn har sovna framføre tv-en. Men vi har faktisk overlevd utan nett, sjølv om vi reknar med at dei mange nysgjerrige lesarane heime i kalde Norge har hatt mang ei søvnlaus natt utan å vite kva som skjer her nede på andre sida av jorda...

No er vi på ein internettkafé i Rotorua, byen med alle dei varme kjeldene, gjørmebad og ein og annan geysir. Har dessverre ingen bilde frå dagen i dag, men det ligg ute ein god del bilde frå helga på Picasa-albumet. Mellom anna har Nils-Ove truffe på "gamle" medstudentar frå Gimlekollen, vi har vore på gamle tomter og har til og med sett ein ekte isbil!

Måndag stakk karane på ei nydeleg golfbane og gjekk på kryss og tvers i timesvis på jakt etter ballar i buskar og kratt. Margrethe og Janne ville heller sløve på motellet og kose seg under den varme haustsola på New Zealand. Tysdag har vi som sagt vore i Rotorua, kva vi skal gjere framover er litt usikkert foreløpig. Men vi satsar i alle fall på å vere i Auckland-området, så får tida vise om vi er modige nok til å teste Sky Tower...

PS! Takk til alle som har kommentert på bloggen, må berre beklage at vi ikkje alltid har hatt tid til å svare på alt. Men lykke til med snø, slaps og alt anna der heime i Norge. Søndag kveld er vi heime igjen :)

4 kommentarer:

Kay Amund sa...

Ja, he vør litt bekymyra.
her oppdatera du minst en gang per dag, so plutsla blir d stillt.

Håpe dokke nyte resten av dagane Down Under

Anonym sa...

Jajaja, dokke kan vere glad dokke e der nede, her e det nitrist, alltso ang. veret...storm og regn...ser faktisk ikkje for meg at det nærma seg seriestart, men regna med Nils, at som i fjor, så skrive du airplanes messages, altso flygeblada, maila dei til meg, eg mailer dei vidare til trude Kleivan, som so printa dei ut, og lev. dei til Danny Boy. E Kay A,..komt til Norge?

Hels mamma og pappa, Margrethe og Stig Johnny, ser ut som dokke he hatt ein flott ferie.

Anonym sa...

Hei alle saman! Kjempeartig å sjå att huset i Te Kowhai og stranda i Mount Manganui. Rart å tenkje på at vi har vore der, og bada der! Og kjekt for gutane å treffe att Brandon. Kva med Shane? Veit dokke noko om han? Og det var vel kjekt å treffe att Louise og Michael og Diane og Bryan. Meiner eg husker Louise. Her heime er alt berre bra, bortsett frå veret då. Ruskete og surt. Ser litt sol av og til. Kos dokke videre.
Masse klemmer frå tante Jofrid

Nils-Ove Støbakk sa...

Heisann, folkens! Skal proeve aa faa oppdatert bloggen i maarga, men maatte berre svare paa nokken kommentara no.

Kay: Welcome back!

Jostein: Kay e heime, ja - men han stikke ned te Soerlandet paa mandag og bli vekke te midt i juni. Flygeblad til foerste heimekamp skal gaa bra. 26. april mot HaNo?

Jofrid: Vaa kjempearti aa vere tebake paa dei "gamle" plassane. Vaa forresten "feil" Brandon oss he troeffe paa, han so gjekk i klassa mi heite Brendan og e visst i London no. Shane e d ingen so veit nokke om, men i gaar (onsdag) besoekte oss en anna kamerat ta mej so heite Amanjeet. Utruli hyggelig inder so til og med he blitt Tottenham-supporter sia sist :D