29 oktober 2007

The Fast & the Flåklypa

Coming soon - to a theatre near you!

28 oktober 2007

Tøffare enn toget

Er det ein fugl?

Er det ein fisk?

Er det ein hund som kavar omkring ute på vatnet?

Nei, det er SuperNils, ute på årets siste (?) svømmetur utandørs.

For kva gjer du som leiar på leir når du klarer å skyte fotballen på vatnet, og alternativa er å enten låse ut ein kano eller hoppe uti?

Sjølvsagt valde eg det siste alternativet, tøff som eg er! Sjølv om det eigentleg er forbudt å bade i Brusdalsvatnet.

Men eg bada ikkje, eg svømte...uansett, eg fekk henta ballen, kom meg tilbake igjen og overlevde. Og det var faktisk ikkje så kaldt som eg frykta, kanskje 8-9 grader eller noko slikt? Anbefalinga er i alle fall soleklar - hiv deg på sjøen! :)

27 oktober 2007

Fotball og slikt

Torsdag fann eg ut nok ein grunn til at eg aldri vart ein god fotballspelar. Eg gir nemleg blaffen i laget mitt, berre eg gjer det bra sjølv...

Eg var på Student-KRIK på Høgskulen i Ålesund for første gong - men definitivt ikkje siste. Og eg scora mål. Faktisk opptil fleire. I fotball. Og då fann eg faktisk ut at eg vart meir glad om laget mitt tapte 5-1 og eg scora eit perlemål (eventuelt flaksemål for nøytrale observatørar) enn om vi vann 3-0 og eg ikkje scora. Sjukt og egoistisk, men slik er eg altså. Fotball er gøy, spesielt når eg scorar mål!

Eg trur ikkje eg jubla like vilt som Pondus på bildet eg har lagt ut (klikk på bildet for større versjon), men det gjorde eg definitivt under Førjulsturneringa i fjor. Gutteklassa i turneringa er allereie full no, det tok berre litt over ei veke å få 32 påmeldte lag. Så gøy er det å spele innefotball! Og no er det under to månader til Førjulsturneringa! Eg gler meg :D

Denne helga er eg forresten leiar på Haustleir på Brusdalsheimen. 26 deltakarar og ni leiarar er samla for å kose oss, herje og høyre om Jesus. Herleg, eller kva? Helga starta bra for min del, med knusande siger i "pappkasseleiken". Autografskriving på ungdomskveld på Godøya neste laurdag...

Og sist helg var det Pit Stop, ja. 70 bilde frå den store helga ligg ute på ungmisjon.no, klikk deg vidare for lekre bilde av for eksempel lovsongsteamet frå Godøya.

Pianisten ser ganske merkeleg og ekstremt konsentrert ut på bildet til høgre, men rykta vil ha det til at også han hadde det kjekt.

22 oktober 2007

Stressa?

Dei fleste får stadig dårlegare og dårlegare tid. Talet på timar i døgnet minkar stadig vekk, fleire ting skal gjerast og vips - du er stressa. Welcome to Planet Earth 2007!

Er vi flinke nok til å klare å sette oss ned innimellom, tenkje gjennom saker og ting og prøve å sette oss inn i andre sin situasjon? Svaret blir altfor ofte nei, men kanskje kan vi alle bli flinkare? Og kanskje kan eg prøve å ikkje vere så sint på alle treige bilistar som forsinkar meg i trafikken når eg allereie er seint ute...

18 oktober 2007

Ich bin ordförer!

Eg fekk meg ei aldri så lita overrasking då eg las Sunnmørsposten onsdag. Dei fleste hadde nok rekna med at Knut Støbakk vart gjenvald som ordførar, men plutseleg var det Nils Støbakk som fekk makta i Giske kommune.

Dei einaste som heiter Nils Støbakk er meg og onkelen min, Nils Ottar Støbakk. Så nå får vi krangle om makta i kommuna, men sidan eg faktisk vart oppringd av Sunnmørsposten for eit halvt år sidan då dei skulle ha tak i ordføraren...så reknar eg nesten med at det er meg det er snakk om?

Elles er det i Langevåg det skjer denne veka. Pit Stop startar fredag klokka 20, men for min del har det vore Pit Stop-arbeid heile veka. Som både lovsangsleder, teknisk ansvarleg og pressekontakt er det nok å henge fingrane i, men det meste ser ut til å vere under kontroll no.

Har du andre planar for helga? Gløym det! Kom til Langevåg bedehus og bli med på solide møter, spennande undervisning, interessante verkstad/seminar og konsert med Rudi Myntevik. Vi snakkast! :)

10 oktober 2007

Mr. Preacherman

Denne veka skal eg debutere som talar. Skikkeleg talar, altså - med fleire møte på rad og greier. Det er nemleg ungdomsveke på Valderøya, og utruleg nok så lurte dei på om eg ville ta meg ein tur. Noko eg tydelegvis sa ja til.

Torsdag og søndag klokka 20, fredag og laurdag klokka 21, det er dei magiske tidspunkta. Ta deg gjerne ein tur og kom med konstruktiv kritikk i etterkant. Og/eller ver med og be for meg, trur eg treng ganske mykje støtte frå "heimefronten" og han der oppe for å kome meg heilskinna gjennom dette her...

Neste veke er det også full fart. Då er det Pit Stop i Langevågen. Eg er både lovsongsleiar og har ansvaret for storskjermstyring/filming, så det er meir enn nok å halde styr på. Men det skal bli kjekt. Meld deg på og kom! Eller eventuelt berre kom, dette blir garantert ei helg som ingen bør gå glipp av!

Det blir med andre ord meir enn nok å henge fingrane i framover. Heldigvis har eg tatt det ganske med ro sidan Orrenesleikane, så forhåpentlegvis skal alt gå etter planen. Eller betre - som det ofte blir når du er på lag med den sterkaste :)

02 oktober 2007

Orrenesleikane 2007

28.-30. september var eg leirsjef på Orrenesleikane 2007 på Orreneset. 29 gutar og 27 jenter frå 10-12 år var samla for å ha det gøy og konkurrere i pilkast, bogeskyting, kubbekast, bryting og terrengløp. I tillegg var det fotballturnering og kanostafett.

Veret var strålande, med blå himmel og bortimot vindstille heile helga. Einaste gongen det kom litt vind, var då vi heiste flagget - men det passa berre utruleg bra!

Takk til alle som var med, vi hadde ei flott helg saman. Takk til leiarar, deltakarar, dei på kjøkkenet, Åsmund (bildet) som tok alle dei flotta bilda frå leiren, talar Ingrid som kom køyrande heilt frå Hordaland - og ikkje minst takk til Jesus. Når vi er på lag med han, då er vi på lag med den aller sterkaste!

Neste leir for denne aldersgruppa er haustleiren på Brusdalsheimen i oktober. Så er det Winter Games på Orreneset i februar. Vi snakkast, folkens! :)

Bilda frå leiren finn du her

27 september 2007

Jingle Boys

Onsdag fekk eg besøk av Sven Harald og Ruben i radiostudioet til Radio Sentrum. Eg måtte ha litt hjelp til å lese inn nokre reklamejinglar til Pit Stop, som skal vere i Langevåg 19.-21. oktober.

Gutta boys var småskeptiske til å høyre si eiga stemme på radio først, men etter kvart tok det av. Veldig. Og korleis vart resultatet? Kanskje ikkje ekstremt seriøst og alvorleg, men vi hadde det i alle fall sjukt gøy. Du kan høyre sjølv!

- Pit Stop 1: Tostemt plystring og koseprat


- Pit Stop 2: Rudi Myntevik vs Ruben Austnes


- Pit Stop 3: Vaksenversjonen med Marit og Irene i bakgrunnen

26 september 2007

Den Himmelske Mann

Tysdag var eg på møte i Pinsekirka Filadelfia i Ålesund, der det var stappfull sal og meir til. Folk sat på golvet i midtgangen og til og med ute i gangen var det smekkfullt!

På møtet, som var i regi av Asialink, var mellom anna Evie og Pelle Karlsson, to av dei mest populære kristne artistane her i landet på 70- og 80-talet. Og så Broder Yun, då. Eller "Den Himmelske Mann", som han vert kalla - sidan han har klart å kome seg unna dei kinesiske myndigheitene gong på gong. Yun er ein særdeles engasjert og modig mann frå Kina, som har både blitt fengsla og torturert fleire gonger på grunn av trua si. Men han har blitt helbreda. Og er frimodig som aldri før.

No bur Broder Yun i Tyskland, men reiser omkring i Europa og fortel om korleis dei kristne forsamlingane berre veks og veks i Kina. Og kinesarane har ikkje berre som mål å frelse sitt eige folk - dei har store visjonar om å sende misjonærar vestover, til alle dei unådde folkeslaga i Asia. Eller "tilbake til Jerusalem", som dei seier.

Eg skal ikkje skryte på meg at eg les så veldig mange bøker for tida, men for nokre år sidan las eg "Den Himmelske Mann", som er noko av det sterkaste eg har vore borti. Stikk innom Prokla Media eller ein bokhandel i dag og bestill deg eit eksemplar!

Christoffer såg også ut til å storkose seg på Fila, han skal få låne mi bok :)

Dagens bønneemne: Tenk om vi hadde klart å vere like brennande som dei kristne i Kina! Dei risikerer livet for å vitne om Jesus, kva har vi å tape?

21 september 2007

God helg!

Har du planer for helga? Her er i alle fall kva eg har tenkt å gjere 21.-23. september 2007:

- andakt og Playstation på ungdomskveld i Søvika fredag klokka 20 og utover
- spele piano på jubileumsmøte for Finnmarksforeninga på godøya laurdag klokka 17
- piano, synth og bordtennis på ungdomskveld på Godøya laurdag klokka 21 og så roe ned med Svisj-UNO utover natta
- øvingsdag til Pit Stop i Langevågen med lovsongsteamet søndag ettermiddag

Og så blir det vel litt anna også, tenkjer eg. God helg, bruk tida godt og kos deg! Som ein fin start på helga kan vi alle nyte denne herlege scena frå Tottenham sin siste UEFA-cupkamp. Ein ung ballgutt som kanskje ikkje heilt klarer å halde seg nøytral...