22 mai 2008

I'm alive!

Til alle bekymra lesarar av den fantastisk bloggen min - eg er i live! :)

Har berre ikkje så mykje tid til nettsurfing her nede i Israel, men har i alle fall hatt ein herleg tur så langt. Vi kom til Tel Aviv på måndag og overnatta der til tysdag. Så køyrde vi innom Netanya (bildet), Cæsarea (gammal ruinby) og Nasaret på veg til Tiberias, der vi budde frå tysdag til torsdag.

Onsdagen starta med svømmebassengbading og pittelitt soling, før vi køyrde rundt Genesaretsjøen og hang på Golanhøgdene. Torsdag gjekk turen gjennom Vestbredden til Dødehavet. Der var vi først oppe på Massada, ei fantastisk fjellborg. Etterpå bada vi - heilt sjukt å berre flyte omkring! Ikkje så kjekt å få supersalt salt i munnen, men det gjekk bra...

Og no sit eg altså på takterassen i Eilat. På det som heiter ungdomsherberge her, men er minst like bra som norske hotell. Litt over klokka 23 på kvelden, i shorts og t-skjorte. Vi var akkurat borte i sentrum og kjøpte oss smoothie, som dei sel overalt her i Israel. Sunt, godt og herleg forfriskande!

Planen vidare er sløving i Eilat fredag, så stikk vi oppover til Jerusalem til helga. Og muligens innom Dødehavet igjen, sidan kameraet var batteritomt første gongen vi var der...

Mange fleire bilde kjem etterkvart, men truleg ikkje før eg er i gamlelandet igjen. Ha det fint så lenge, folkens. Eller som dei seier det her i nabolaget: Shalom!

18 mai 2008

Sirkus, kamp, bilrebus og 17. mai

Då er ei hektisk, men utruleg kjekk veke over. Tre store høgdepunkt som må nemnast:

- Tysdag 13. mai var eg på Ciruks Agora saman med Daniel, Lennart, John Olav og Mette. Eigentleg skulle dette vere første gongen det var sirkus på Godøya, men i siste liten ombestemte sirkuset seg og satte opp teltet på Giske i staden. Men vi fekk uansett nokre artige timar med klovnar, akrobatikk, hestar, elefantar og Jonas Alnes Gustafson som dagens helt!

- Fredag 16. mai var det først fotballkamp på Valdervoll. Etterpå var det som vanleg bilrebus på Godøya, med meg som rebussjef. 28 bilar med om lag 140 deltakarar stilte opp og vi fekk ein flott kveld med Lisa Nyvoll som årets vinnar. Les meir om bilrebusen (og møta som skal vere til helga!) på ukveld.net.

- Laurdag 17. mai var det 17. mai. Med andre ord tog, god mat, kjekke folk, leikar og program i hallen og så sløving på kvelden heilt til slutt. Klikk her for bilde frå den store dagen, med meg i bunad og det heile...

No er det søndag, og eg gjer meg klar til å reise. Først til Oslo, så går ferda vidare til Tel Aviv på mandag. Flybillettar og leigebil er i orden, så får vi forhåpentlegvis overnatting også i løpet av den vekeslange turen til Israel. Vermeldingane ser veldig lovande ut, så det spørs om eg ikkje må kjøpe meg solbriller og solkrem der nede i Midtøsten! :D

PS! Måndag 26. til torsdag 29. blir eg i Oslo. Om nokon har gode forslag til kva eg skal finne på der, ta gjerne kontakt.

08 mai 2008

SMS frå Gud

Torsdag 8. mai gjorde eg noko eg veldig sjeldan gjer; eg stod opp tidlig og stakk på fjellet ein tur. Det blei berre Sløk denne gongen, men tungt nok likevel for ein trøtt og slapp kropp.

Heldigvis fekk eg eit bibelvers på SMS midt i ein av dei brattaste bakkane:

"Ingen er hellig som Herren. For det er ingen uten deg, det er ingen klippe som vår Gud." (1. Sam 2:2)

Sjølv om Godøyfjellet kan vere slitsamt for ein slask som meg, er det ingenting for Gud. Det er ingenting samanlikna med Gud. Han er så uendeleg mykje større enn alle fjell vi kan forestille oss. Og saman med han, kan vi overvinne sjølv dei største "fjella" i liva våre.

Gratulerer med frigjeringsdagen, i dag er det nøyaktig 63 år sidan krigen enda i Norge. Men korleis er det med deg - er du frigjort?

Klikk her for fleire bilde frå fjellturen.

05 mai 2008

On top of the world!

Søndag 4. mai var eg endeleg på Godøyfjellet for første gong i år. Og for ein dag!

Rundt 100 menneske var samla på "Storehønnjet" for å avduke den nye sikteskiva, som viser retning og avstand til andre øyar og fjelltoppar i området. Og vi fekk fantastisk ver, fantastisk utsikt, rett og slett ein fantastisk fjelltur!

Århundrets tips: Godøyfjellet!

Bilda finn du her.

01 mai 2008

Sommarferie!

Og då er eg visst ferdig som tenåringsarbeidar i Ung Misjon...

Den siste arbeisdagen blei feira på herleg vis, med arbeid frå 10 til 02. Natt til 1. mai-gospel vart ein suksess, med mykje folk og god stemning. Og eg var så heldig at eg fekk spele flygel og greier! Tusen takk til alle som hjalp til med praktiske ting, med song og musikk eller berre med å møte opp med ditt gode humør :)

Eg har forresten gløymt å nemne på bloggen at eg skal til Israel 19.-26. mai. Roadtrip saman med Lidvar og Magnus, det skal bli saker! Men først skal eg prøve å ta livet litt med ro her heime i eit par veker og planlegge bilrebus til 16. mai. I år skal ingen klare alle rebusane...hehe...

PS! Tusen takk til Oddveig Karin Holmen, som ofra copyrighten og ga meg lov til å bruke flygel-bildet på bloggen min.

29 april 2008

Full fart

For første gong sidan 13. februar er det ikkje møteveke på Godøya denne veka. IUF-møteaksjonen 2008 vart avslutta med jubel og song og kaker og kjeks søndag 27. april. Rart, men samtidig stort å ha fått opplevd så mykje dei siste månadane. Gud er god!

Men det er nok å finne på likevel. Torsdag sluttar eg som tenåringsarbeidar, men fram til då er det full fart. Onsdag kveld er det nemleg duka for vårens store happening, natt til 1. mai-gospel på Blindheim bedehus!

Tysdag (i dag) har eg sendt pressemelding til Sunnmørsposten og laga til litt småtjafs som skal rulle på storskjermen. Seinare i dag skal eg kopiere opp notar (vi skal vere lovsongsteam, godt samkøyrde etter to mnd med "øving"...), flytte Respons sitt anlegg heilt frå Emblem til Blindheim og ete middag saman med IUF-styret, lovsongsteamet og Tor Ingvald.

Onsdag skal Sunnmørskirka sitt anlegg flyttast frå Ålesund bedehus til Blindheim og diverse ting ordnast, før sjølve gospelnighten startar 20.00. Godøy Ungdomskor, Respons, Nytt Lys og småkonsertar i kjellaren. Konge! :)

Torsdag er eg arbeidsledig på papiret, men skal ikkje berre sløve likevel. Ungdomskoret skal synge på samtalegudsteneste og eg skal sørgje for at lyden blir sann passe åkei. Og - ikkje minst - så skal eg i bursdagsselskap til Kay Amund, som straks er 26 år!

Fredag skal eg berre lage litt radio (Ung Time, kvar fredag 15-16 på radiosentrum.no og FM101.0) og sjå Brattvåg-Godøy i Brattvågen. Og så blir det ungdomskveld på Godøy bedehus laurdag kveld.

Ha ei flott veke, snakkast både her og der! :)

24 april 2008

Superkjendis



Av ein eller annan grunn liker eg veldig godt denne reklamefilmen for Ungdomscampen...

Sjølv skal eg jobbe i heile sommar, men eg vil på det aller varmaste anbefale ein tur til Lyngdal! :)

19 april 2008

Hochwertiges tischtennistisch

Torsdag kom endeleg det nye bordtennisbordet til bedehuset, og fredag kveld tok vi ein aldri så liten dugnad og fekk montert det. Eg, Ørjan og Bård mekka i nokre timar og enda utruleg nok opp med eit flott bord som var aldeles herleg å spele på!

Hittil har det vore litt færre folk på møta denne veka enn det vi etter kvart har blitt vande med. Men det blir spennande å sjå kva som skjer i helga, eg er i alle fall klar for KRIK, ungdomskveld (med bordtennisspeling, så klart!) og søndagsmøte. Så får tida vise om det vert møte også neste veke :)

Bilda frå den fantastiske bordtennisbord-mekkinga finn du her:
- for deg som har Facebook
- for deg som ikkje har Facebook

07 april 2008

Grattis!

Då har det skjedd, det som i alle fall ikkje eg skulle tru at nokon skulle kunne tru...den "pittelille" lillesøstra mi har fått lappen!

Gratulerer så mykje, Margrethe. Køyr forsiktig...

Elles så er det IKKJE møteveke på Godøya denne veka. Vi tar "time-out" ei veke, så startar vi på igjen onsdag 17. april :)

02 april 2008

Igjen og igjen og igjen og igjen...

Som Rudi Myntevik syng det så bra: "Igjen og igjen og igjen og igjen kan vi synge: Du er trofast, du er god!"

I dag, onsdag 2. april 2008, startar vi på den åttande møteveka på rad på Godøya! Nye har tatt imot Jesus kvar veke og endå fleire har vorte fornya og tatt nye steg med Sjefen sjøl.

Denne veka er det møte onsdag-søndag, meir informasjon og bilde frå laurdag finn du sjølvsagt på heimesida til Godøy og Alnes IUF :)

Måndag kveld var vi rundt på øya med flygeblad etter korøvinga, eg var så heldig å få sjølvaste Tore Hole Oksnes med meg som løpegutt. Valderøyingen i koret gjorde ein veldig god jobb. Bra, Tore!

Laurdag tok eg forresten mitt livs første "dragning", då eg bøtta inn mål under møteveke-KRIK i Godøyhallen. Spennande å sjå om eg klarer å halde på formtoppen heilt til Førjulsturneringa i desember...