29 august 2008

JADDA!

Godøy-Valder 4-3!!!

Ekstremt spennande å følgje med på SMS og smp.no. Frå 1-0 til 1-3, for så å snu det heile og ro i land sigeren tre minutt på overtid.

Ah...deilig!

På bildet ser du midtstoppar Dagfinn Godø, som må finne fram knyttneven for å få vekk ein innpåsliten beundrar. Det skal ikkje vere lett å vere Godøy-spelar med FEM sigrar på rad...og neste år blir det kvalifisering til NM-cupen :D

Ifølge anonyme kjelder var denne personen, kjend som "Stø-Kai", ikkje utpå bana. Takk skal du ha!

I dag har eg forresten klart både "Vanskelig" og "Supervanskelig" Sudoku i VG frå søndag. Og hatt stor suksess mot datamaskina i sjakkspelet "Chess Titans".

Yeah!

28 august 2008

Dagen i dag...

- Kjøpte sandalar

- Sløva på stranda

- Jogga i ca tre minutt

- Testa badevatnet

- Såg på solnedgangen

- Sudoku

- Turkish Delight

:)

27 august 2008

King of the road

I dag har eg vore ute på ekspedisjon med min kjære Peugeot-scooter. Antrekket er sjølvsagt så korrekt som det kan bli, med grå/svart hjelm og splitter nye Okey-solbriller.

Først av alt: Til alle mopedistar og scooter-sjåførar som eg har sust forbi i Godøy-tunnelen og tenkt stygge tankar om...UNNSKYLD! Om lag 957 bilar passerte meg i fjella i dag, sjølv om scooteren klarte heile 47,5 km/t på flata og nesten 54 km/t i nedoverbakke, før turtallsperra kicka inn. Oppover varierte det mellom 20 og 30 på speedometeret...

Då er det langt kjekkare i byen, her herjar vi på to hjul og svingar elegant forbi køer, bussar og andre hinder på vegen!

Første stopp på turen var Spíli, ein nydeleg landsby i fjellet, kjend for sine store mengder krystallklart drikkevatn. På 1500-talet bygde venetianerane ein imponerande brønn oppom torget, med 19 løvehovud på rekke og rad som med stor kraft spyler kildevatn ned i ei avlang renne.

Vatnet var kaldt og godt og såg ut til å vere populært både som drikkevatn og handvask. Kan absolutt anbefalast om du skal til Kreta ein eller annan gong!

Hovudmålet for dagens reise var Agía Galíni, ein herleg og roleg hamneby på sørkysten. Byen består av ei koseleg hamn, ei brukbar sandstrand og mange hus som er trykt saman i ei skråning.

Det skal visstnok vere eit livleg natteliv i Agía Galíni, men heldigvis var det stilt og behageleg på ettermiddagen. I ei idyllisk gågate åt eg grilla sverdfisk, før eg roa heilt ned med ei Billy Graham-bok, fruktsalat og fersk appelsinjus nede ved hamna.

Etter kvart snudde eg scooteren mot Rethymnon igjen, men stoppa i Spíli for å drikke litt vatn på vegen. Etter ein kjapp dusj vert dagen i skrivande stund avslutta på internettkafeen/sportspuben. Burger, Cola, Smp.no og Champions League-kvalifisering. Kan det bli betre?

26 august 2008

Kali méra, Kreta!

Kva gjer du når du har jobba altfor mykje heile sommaren, har berre ei veke ferie igjen og ingen andre kan bli med på sydentur? Reiser til Kreta åleine, så klart!

Laurdag klokka 13:58. Eg er inne på nettet, finn ein OK restplass frå Apollo og bestiller.

Søndag klokka 19:38. Flyet lettar frå Vigra, fire og ein halv time seinare er eg framme på flyplassen i Heraklion. Utpå natta ein gong er eg framme på rommet mitt, om lag sju kilometer aust for Rethymnon.

Så langt har eg mellom anna leigd scooter (som eg skal ha heile veka), ete gyros, kika litt på stranda, lest ei knallgod Max Lucado-bok, sløva på altanen min og funne ein sportsbar slik at eg veit kvar eg skal vere under Chelsea-Tottenham på laurdag.

Heldigvis fekk eg leilighet og ikkje hotellrom, dermed har eg både kjøleskap og kokeplate og kan lage skikkeleg frukost. Takka vere Lidl, Spar og den lokale småbutikken har eg både oppvaskmiddel, eingongsbestikk, egg, pølser, bønner, skinke, ost og alt anna som ein ferierande slask kan tenkje seg når han vaknar ein eller anna gong utpå dagen.

Dei neste dagane skal eg kanskje bade litt, kanskje utforske området på scooter, kanskje dykke?

Spennande å sjå, vi får ta ein dag om gongen og håpe at Godøy klarer å knuse Valder på fredag - sjølv om ikkje eg er der...

12 juni 2008

Utfordring!

Lite å skrive på bloggen for tida, men eg hiv meg på denne utfordringa frå Line, så får du i alle fall litt nytt frå meg:

Kvar spelar svarar på spørsmåla om seg sjølv.
I slutten av innlegget gjev du det videre til 6 andre personar og fører opp namna deira.
Så legg du beskjed hos dei om at dei er tagga og ber dei lese din blogg.
La personen som tagga deg vite det når du har lagt inn svar.


1: Kva gjorde du for 10 år sidan?
Gjekk i demonstrasjonstog for å unngå nedlegging av Giske vgs.

2: Nevn 5 ting du har/hadde på "gjere-lista" di i dag?
- stå opp
- møte oppp på Sunnmørsposten før 0845
- våkne
- styremøte i Godøy og Alnes IUF, med pizza og vatn som møtemat og Pro etterpå (vann mot Ørjan)
- ballbingefotball på Alnes

3: Snack du liker?
Jepp :)

4: Ting du vil gjere som milliardær?
Forsto ikkje spørsmålet...pengar? Kva er det?

5: Stader du har budd?
Godøya, Hamilton (NZ), Jørstadmoen, Bildøy, Bergen, Kristiansand, Godøya.

Så gir eg utfordringa vidare til:
Ruben, Kay Amund, Stine, Stine, Kjetil og Geir Ove!

04 juni 2008

Ei lita oppsummering

Då er eg tilbake i Norge og har til og med starta som sommarvikar i Sunnmørsposten. På Godøya er det sol og varme 24 timar i døgnet, dette ser ut til å bli ein fantastisk sommar!

Etter Israel-turen var eg i Oslo nokre dagar. Eg budde hos Geir Ove og fekk teste ut den splitter nye sovesofaen hans. Tusen takk for mat, drikke og overnatting! I tillegg besøkte eg Kay Amund og Stine og stakk på landskamp attmed Terje, som eg budde attmed i Kristiansand. I tillegg rakk eg å knuse Bjørn Tore i eit Buzz-liknande spel på Nintendo Wii :)

Men Israel, ja. Etter Eilat og dykking gjekk turen opp til Jerusalem, der vi vandra i gamlebyen og tok livet med ro. Og avslutta turen med eit skikkeleg søndagsmøte i King of Kings, ei pinsemenighet i Jerusalem. Utruleg herleg å lovsynge saman med kristne brør og søstre i "Den evige stad", byen der Jesus vart uskyldig dømd og døydde for syndene mine og dine. Og sto opp igjen og ga oss eit evig liv!

Bilde frå Israel-turen er endeleg ute på nett, klikk på linkane under for å sjå og lære:

Roadtrip 2008 #1
Roadtrip 2008 #2

PS! Berre eit lite reisetips til alle gutar som har tenkt seg til Israel. Pass deg for dei søte jentene, plutseleg har dei eit digert maskingevær på ryggen...

23 mai 2008

Dykkerlappen neste?

Fredag 23. mai 2008 fekk eg endeleg gjort noko eg har drøymt om i mange, mange år: Dykking!

I 25 minutt var eg og Magnus under vatn, i eit inngjerda område attmed fleire andre dykkerar og åtte delfinar. Greitt nok, vi hadde kvar vår instruktør attmed oss heile tida, men vi har uansett dykka. Ned til seks meter. Utan å drukne. Og for min del ga det i alle fall meirsmak.

Så om nokon les dette og har lyst å ta seg vatn over hovudet: Skal vi ta dykkerlappen i sommar? Eg er i alle fall klar! :)

22 mai 2008

I'm alive!

Til alle bekymra lesarar av den fantastisk bloggen min - eg er i live! :)

Har berre ikkje så mykje tid til nettsurfing her nede i Israel, men har i alle fall hatt ein herleg tur så langt. Vi kom til Tel Aviv på måndag og overnatta der til tysdag. Så køyrde vi innom Netanya (bildet), Cæsarea (gammal ruinby) og Nasaret på veg til Tiberias, der vi budde frå tysdag til torsdag.

Onsdagen starta med svømmebassengbading og pittelitt soling, før vi køyrde rundt Genesaretsjøen og hang på Golanhøgdene. Torsdag gjekk turen gjennom Vestbredden til Dødehavet. Der var vi først oppe på Massada, ei fantastisk fjellborg. Etterpå bada vi - heilt sjukt å berre flyte omkring! Ikkje så kjekt å få supersalt salt i munnen, men det gjekk bra...

Og no sit eg altså på takterassen i Eilat. På det som heiter ungdomsherberge her, men er minst like bra som norske hotell. Litt over klokka 23 på kvelden, i shorts og t-skjorte. Vi var akkurat borte i sentrum og kjøpte oss smoothie, som dei sel overalt her i Israel. Sunt, godt og herleg forfriskande!

Planen vidare er sløving i Eilat fredag, så stikk vi oppover til Jerusalem til helga. Og muligens innom Dødehavet igjen, sidan kameraet var batteritomt første gongen vi var der...

Mange fleire bilde kjem etterkvart, men truleg ikkje før eg er i gamlelandet igjen. Ha det fint så lenge, folkens. Eller som dei seier det her i nabolaget: Shalom!

18 mai 2008

Sirkus, kamp, bilrebus og 17. mai

Då er ei hektisk, men utruleg kjekk veke over. Tre store høgdepunkt som må nemnast:

- Tysdag 13. mai var eg på Ciruks Agora saman med Daniel, Lennart, John Olav og Mette. Eigentleg skulle dette vere første gongen det var sirkus på Godøya, men i siste liten ombestemte sirkuset seg og satte opp teltet på Giske i staden. Men vi fekk uansett nokre artige timar med klovnar, akrobatikk, hestar, elefantar og Jonas Alnes Gustafson som dagens helt!

- Fredag 16. mai var det først fotballkamp på Valdervoll. Etterpå var det som vanleg bilrebus på Godøya, med meg som rebussjef. 28 bilar med om lag 140 deltakarar stilte opp og vi fekk ein flott kveld med Lisa Nyvoll som årets vinnar. Les meir om bilrebusen (og møta som skal vere til helga!) på ukveld.net.

- Laurdag 17. mai var det 17. mai. Med andre ord tog, god mat, kjekke folk, leikar og program i hallen og så sløving på kvelden heilt til slutt. Klikk her for bilde frå den store dagen, med meg i bunad og det heile...

No er det søndag, og eg gjer meg klar til å reise. Først til Oslo, så går ferda vidare til Tel Aviv på mandag. Flybillettar og leigebil er i orden, så får vi forhåpentlegvis overnatting også i løpet av den vekeslange turen til Israel. Vermeldingane ser veldig lovande ut, så det spørs om eg ikkje må kjøpe meg solbriller og solkrem der nede i Midtøsten! :D

PS! Måndag 26. til torsdag 29. blir eg i Oslo. Om nokon har gode forslag til kva eg skal finne på der, ta gjerne kontakt.

08 mai 2008

SMS frå Gud

Torsdag 8. mai gjorde eg noko eg veldig sjeldan gjer; eg stod opp tidlig og stakk på fjellet ein tur. Det blei berre Sløk denne gongen, men tungt nok likevel for ein trøtt og slapp kropp.

Heldigvis fekk eg eit bibelvers på SMS midt i ein av dei brattaste bakkane:

"Ingen er hellig som Herren. For det er ingen uten deg, det er ingen klippe som vår Gud." (1. Sam 2:2)

Sjølv om Godøyfjellet kan vere slitsamt for ein slask som meg, er det ingenting for Gud. Det er ingenting samanlikna med Gud. Han er så uendeleg mykje større enn alle fjell vi kan forestille oss. Og saman med han, kan vi overvinne sjølv dei største "fjella" i liva våre.

Gratulerer med frigjeringsdagen, i dag er det nøyaktig 63 år sidan krigen enda i Norge. Men korleis er det med deg - er du frigjort?

Klikk her for fleire bilde frå fjellturen.